Torsdag 26. April 2018


Jobb

Næringslivet i Fitjar har litt av kvart å by på av arbeidsplassar, dessutan er her mange kompetansebedrifter over heile øya, maks. 30 min. kjøring frå der du måtte bu.  Her slepp du å stå i kø på veg til og frå arbeid.

Av private verksemder i Fitjar kan me nemna desse:

Wärtsila Ship Design (Vik-Sandvik) designar og konstruerer skip.  Ved hovudkontoret på Fitjar arbeider om lag 100 ingeniørar med prosjekt over heile verda.  Selskapet har dessutan 300 tilsette på avdelingskontor ulike stader rundt i verda.

Engevik & Tislevoll er eit lokalt byggmester- og entreprenørfirma som tek både store og små oppdrag.  Dei har om lag 60 tilsette.

Fitjar Mekaniske Verkstad driv utrusting og vedlikehald av skip til fiskeflåten og oljeindustrien.  Verkstaden har om lag 60 fast tilsette men leiger i tillegg inn meir folk når det er større prosjekt som skal gjennomførast.

J. Fjelltvedt  AS driv dør- og vindusfabrikk med om lag 40 tilsette. Verksemda har eksportaktivitet til Storbritannia.

Fitjar kraftlag er eigd av folket i Fitjar og driv kraftproduksjon og straumnett til kundane i Fitjar.  Dei har og bygd ut fiberkabel-nett som dekkar heile kommunen.  No planlegg dei ei stor investering i vindkraft på Fitjarfjellet saman med eit dansk selskap.

Landbruksnæringa står framleis sterkt i Fitjar, og syt for at me har eit ope og fint kulturlandskap.  Oppdrettsnæringa har fleire verksemder i kommunen, og tillegg er det ei rekkje verksemder innan produksjon og tenesteyting som skapar aktivitet i bygda.

Drøymer du om å starta for deg sjølv? Fitjar kommune har gode ordningar for personar som ynskjer å starta eiga verksemd. Gratis rådgjeving, finansiering i form av tilskot eller lån, investeringsmidlar frå såkornfond og prosjektutviklingsfond er noko av det ein kan tilby gründerar med gode forretningsidear!

 

Fitjar har og mange arbeidsplassar innan det offentlege.

Her er det arbeid for lærarar, sjukepleiarar, omsorgsarbeidarar og ei rekkje andre fagområde innanfor offentleg sektor.

På grunn av små reiseavstandar vert kommunane Fitjar, Stord og til dels Bømlo, gjerne rekna som eitt arbeids- og buområde. Fleire i Fitjar reiser ut av kommunen på arbeid, særleg er det mange som har sitt arbeid i Aker-verksemdene på Stord.

 

 

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse