
Fitjar er ein trygg og god stad å veksa opp for barn og unge i landlege omgjevnader med rein luft og mangfald i aktivitetar og tilbod. For nyetablerarar er føljande viktige moment:
- Full barnehagedekning og mangfold med mellom anna friluftsbarnehage.
- Lav kriminalitet og oversiktlige forhold
- Mange nyetablerarar i kommunen, og høg andel barnefødslar.
Skule
I Fitjar kommune har me tre grunnskular. I kommunesenteret har me kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 360 elevar. I Øvrebygda er det barneskule for 1.- 7. trinn med ca. 60 elevar, og i Sælevik er det barneskule med vel 35 elevar.
Fitjar vidaregåande skule har om lag 250 elevar og har m.a. tilbod om utdanning i helsefag, kokk/servitør og allmenn påbygging. Les meir om skulane.
Barnehage
Det er fire flotte barnehagar i Fitjar, ein kommunal og tre private. Til no har alle som ynskjer det fått plass i barnehage. Les meir om barnehagane
Helsestell
Fitjar kommune har gode tenester innan helse og omsorg. Her er god legedekning, tannlege, helsestasjon, sjukeheim og omsorgsbustader.