Torsdag 26. April 2018


Øyane

 

Idyll i Fitjarøyane. Foto: Håkon C. Hartvedt
Idyll i Fitjarøyane. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Fitjarøyane er unike i landssamanheng og utgjer ein ressurs for kommunen. Området vart føreslått som nasjonalpark på grunn av sitt særeigne lyngheilandskap. Fitjar består av eit mylder av øyar og skjer med grunne sund og renner imellom. Tradisjonsrike skipsleier går gjennom området, med fleire handelsstader med tradisjon attende til 1648. Fitjarøyane er svært attraktive som båtutfartsområde.

 

Fitjarøyane, mellom Bømlo og Fitjar, er kanskje det område langs kysten som har størst tettleik av øyar og holmar. Området er prega av skjergard, med mykje strandlinje, lune viker, berg og lynghei som tiltrekker seg båtturistar. Øyane lengst ute mot havet er opne med lågtveksande lyng. Lenger inne er det øyer med mykje furu, og eindel planta sitkagran. Denne er i dag ein utfordring for det tradisjonelle opne landskapet.

Dei øyane som har vore busett har oppdyrka jord, som åker, eng og beite. Her er rikelig med kulturminne som steingardar, rydningsrøyser, planeringsmurer, murer etter hus, steinsette veger, steingardar, vardar og sjømerke.

Fitjarøyane vart i 1986  foreslått freda som naturvernområde pga kystlyngbeitane som i dag er rekna som ekstremt utrydningstrua naturmarkstype. Dei siste åra har interessa for skjøtsel av kulturlandskapet auka. På fleire av øyane som har det igjen kome beitedyr og det er satt i gang tiltak for restauring av inn og utmark. Sviing er tatt opp som skjøtsel av kystlyngbeitene på 11 øyer dei siste åra.

Friluftsrådet Vest har ansvar for friområde på 5 av øyane. Desse er på Smedholmen, Teløya, Tranøy, Straumøy og Eldøy. Her er det tilrettelagt med bryggje og båtfester.

Område egner seg særs godt for naturopplevingar med til dømes seglbåt eller kajakk.

 

 

Dei mest kjende øyane er:

 

Smedholmen (eller Kjeholmen som øya het tidlegare

Her held Smedholmen kyst og naturlivskule til. Her kan du lære tradisjonelt sjømannskap og vere med på korte eller lange seilas med seglkutteren Seladon. Det er ein liten kystgard med  gardshus og sjøhus. Innmark og lynghei vert skjøtta av sau som beiter gjennom heile året. Fint for telt og båtturistar på aust og sørsida av øya.

 

Fodno

er ein av dei eldste gardane i Fitjar. Det er gjort funn frå steinalder og her er fleire gravrøyser. Dei eldste skriftlige kjeldene frå ”Sudr fonn” er frå 1350. Her var lensmannsgard i 1832 og eigen skule heilt fram til 1966. Det er ein fin tur å følgje vegen frå sjøen, forbi steingardar,  jordflekker, gardstun,  skulehuset og opp til Ramsfjellet, på 146 moh. Her kan ein sjå vidt omkring. Kanskje få auge på Angus`ane, sauene eller hjorten som beiter her.

 

Teløy

Her er lagt til rette med båtfeste og bryggjer, og har som mange av Fitjarøyane fine, lune viker å ankre opp i. Pilapollen er ei av dei finaste båtplassane, den er kalt opp etter Jochum Piil som hadde handelsstad her frå 1660. Du kan framleis finne husmurane etter denne.

 

Ålforo

er den største av øyane. Den er ca 6000 daa stor. Her er 16 små kystgardar fordelt på 6 hovedgardar. Det einaste rekkjetunet i Fitjar ligger i Dalen. I Hatlevik var det både butikk, postkontor, skule og bedehus. Her vert det arrangert Hatlevik-basar kvar sumar, den fyrste laurdagen i juli. Dette er ein stor oppleving sett i stand som dugnad blant grunneigarane i Hatlevik.  Inntekta går til Den Indre Sjømannsmisjon.

 

Straumøy

Her budde det folk fram til 1970. I seinare tid er komne nye eigarar, og Friluftsrådet fekk samstundes disponere den sørlege delen til båtturistar. Her er alle husa som høyrer til på ein kystgard. Det er lagt mykje arbeid i istandsetting av bygningane, og fleire av dei har endra bruk frå driftsbygningar til fritidsbruk. Arealet vert nytta til villsaubeite, og det er laga planar for å fjerne sitkagran og restaurere landskapet.


Engesund

vart etablert som tingstad og gjestgiveri på 1600 talet. Garden ligg midt i den gamle hovudferselsåra ”Norwegen” som gjekk frå sør til nord og var sentrum i fleire hundre år. Det staselege hovudhuset som står her i dag, er frå 1850. Garden er i drift med økologisk villsau, fleire av husa vert leigd ut sommarstid og mange barn og unge har sove i telt på bakkane på sommarleir. Flatholmen, Gassen, Skatholmen og Revet var husmannsplasser her. På Revet er fleire hus sett i stand, og plassen viser seg flott fram for oss som ferdast sjøvegen.

 

Dyrholmen og Porsholmen

er dei øyane som har vore kontinuerlig svidd over lang tid. Det synest igjen med ein lilla fargeprakt frå røsslyng og porslyng på ettersommaren. På Dyrholmen er det murar som syner att etter busetting. i dag er det beite for nokre villsau.

 

Ivarsøy

Her har vore gardsbruk sidan middelalderen. Segnet fortel at Ivar var den første som busette seg på øya og at han budde i Gulluro. Her finn me murar etter hus. I dag vert beitene leigd vekk til villsau. Her er fleire gardstun med fine naustmiljø i tillegg er det kome hytter rundt innmarka. Øya er stor, og det er mange fine badeplassar. Ser du etter vil du  kanskje få øye på kobbene som har sin faste  plass her.


Siglo

Kystgarden har fast busetting i perioder av året. Fiskebonden på Siglo driv garden tradisjonelt  med sau og slåttemark. Dei seinare åra er det òg etablert ein flokk med sau i villsaudrift som skjøttar lyngbeita. Øya er eit levande kulturlandskap med menneske, dyr , landbruk og sjø.


Tranøy

har fine båtplassar for dei som ynskjer ein fredelig plass for seg sjølv. Frå 1750 var dei velståande på garden her. Både Ringholmen, Bårholmen og Varaneset var husmannsplasser under Tranøy. I den tida var her (frå Bygdeboka)både  røykestove, stove, stabbur, løe, flor, sengjabu, naust og eldhus. Dei eigde Norsk lovbok, bibel, huspostill og 9 sildanotbolkar. Her var ein hest, 12 storfe og 12 sauer. Steinhoggaren som kom hit frå Finnland, fann her mykje av den flotte steinen som me finn att i husmurar og trappar. Soluret som han hogg inn i fjellet må du nok leite etter for å finne.

 

Hanøy

I 2006 fekk brukaren på Hanøy, Hordaland sin kulturlandskapspris for sitt framifrå arbeid med å vidareføre tradisjonar knytt til  kystlandbruk og ivaretaking av både bygningar og kulturlandskap. Øya har namn etter ”hanen”, ein markert fjellformasjon som synes godt når me kjem sjøvegen frå austsida. Det er den ytste kystgarden i Fitjar og frå Hanøysåto (64 moh) ser me rett bort til Slåtterøy fyr. Også her er det sauene som gjer den største delen av jobben med å halde bakkar og lyngbeita fine. Kajakkklubben har hatt ein av sine orienteringspostar plassert på Hanøy.

(Av Åse Nøttveit, Stord/Fitjar Landbrukskontor)

 

(Fleire bilete kjem etter kvart)

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse