Dette er Fitjar

 


Fitjar frå sørvest. Foto: Mette Fitjar

 

Fitjar kommune dekkar nordre halvdelen av øya Stord og skjærgarden vest mot havet. Kommunen har eit areal på 145 kvadratkilometer og har vel 2900 innbyggjarar. Bygda vår er ein trygg og god stad for born å veksa opp i, og me har dei tilboda som skal til for at moderne familiar skal ha det godt og trivast.

 


Fitjar frå nordaust. Foto: Mette Fitjar

 

I kommunesenteret ved Fitjarsjøen er mange service-funksjonar samla, slik som rådhus, butikkar, bank, post, NAV-kontor, helsestasjon, sjukeheim, skular og ei rekkje verksemder. Frå kommunesenteret er det 6 km til Sandvikvåg der det går ferje til Austevoll og Halhjem (ca. 30 km frå Bergen).

Til regionsenteret Leirvik kjem du på rundt 30 minutt med bil frå Fitjar sentrum, til Haugesund og Bergen kjem du på 1,5 time, medan du klarer deg med 20 minutt til Stord Lufthavn på Sørstokken.

Med like mange øyar og holmar som det er dagar i året, har Fitjar ofte blitt kalla øyparadiset i Sunnhordland. Vakrast er det derfor å koma sjøvegen. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske store og små vikar, skogkledde lier, åsar og fjell.


Skålevikholmen ved solnedgang. Foto: Håkon C. Hartvedt