Sundag 22. Oktober 2017


Kulturminne

Fitjar kyrkje

har tradisjon heilt tilbake til mellomalderen. Tidlegare stod det ei gamal steinkyrkje der Fitjar kyrkje no står. Denne steinkyrkja meiner ein daterte seg heilt ifrå 1000-talet. Ho vart riven då nyekyrkja vart bygt i 1867, men mykje av grunnmuren i den nye kyrkja er frå steinkyrkja. Like eins er den mektige steinen som dannar alterbordet i Fitjar kyrkje i dag frå gamle-kyrkja. Ein har òg hand om noko av det gamle alterbiletet, og døypefonten, frå gamal tid. Det er gudstenester i Fitjar kyrkje nesten kvar søndag. Dei som ynskjer nærare orientering om kyrkja, kan ta kontakt med Fitjar kyrkjekontor, tlf. 53 45 85 00



Håkonarmonumentet
er minnesteinen du finn like ovanfor Fitjar sentrum. Han er laga av skulptøren Anne Grimdalen, i samband med tusenårsmarkeringa over kong Håkon den gode, som fall her i kamp med Eirikssønene i 961. Ifølgje Snorre vann eigentleg Håkon og hans menn slaget, og Eirikssønene vart drivne på flukt. Men ei pil som vart skoten på måfå, gav kongen banesår. Kongen ønskte då å segla nord til Alrekstad ved Bergen, men døydde allereie på Håkonshella av blodtapet. Dei siste åra har Stiftinga Håkon den gode framført eit historisk spel, skrive av Johannes Heggland, om denne kongen.  



Rimsvarden
er ei veldig gravrøys på 30 meter i tverrmål, og innpå 4 meters høgd, som ligg nokre hundre meter ovanfor ungdomsskulen i Fitjar. Røysa er rekna for å vera mellom dei største for-historiske gravminna som er å finna i Hordaland. Nedi gravrøysa er det funne ei stor helle som var lagt som lok over eit firkanta, fint mura gravkammer. Her fann ein eit sverd, og ein kniv, laga av bronse. Kniven er kommen bort, men sverdet er no å finna i dei historiske samlingane på Bergen museum. Det er eit praktvåpen som ikkje var i kvar manns eige, men vitnar om at eigaren hadde både status og makt. 



Rydlandsago
er ei vassdriven sirkelsag som ligg ved grensa mellom Stord- og Fitjar kommune. Ho var i drift fram til -90-åra, og hadde då gjort sin innsats i over 70 år. I 1996 vart saga restaurert slik at ho no står om lag slik ho såg ut då ho var i drift. Nokre kilometer lengre nede, der elva renn ut i Dåfjorden, kan ein òg sjå grunnmurane til den gamle Rydlandssago, ei oppgangssag som var i drift frå om lag 1620, til byrjinga av 1900-talet. For nærare opplysningar, kan ein ringja tlf. 906 99 673.



Årskog museum er ein slektsgard som brørne Lars og Olai Aarskog testamenterte til Fitjar kommune i 1980. Garden ligg i eit lett, skrånande lende frå lyngheia i utmarka og ned mot fjorden, og gardstunet ligg slik det var på 1800-talet. I tillegg til at ein finn reiskap og husbunad frå 1800-talet her, har museet òg ei unik tekstilsamling. 

Det er òg funne helleristningar på Fitjar, og det er ein kolerakyrkjegard, og ein kongsbrønn frå gamal tid, her. For omvising i museet, og fleire opplysningar: Kontakt Fitjar kommune, kulturkontoret, tlf. 53 45 85 00.

Student

Fitjar har ingen høgskular, men Fitjar Vidaregåande Skule er ein populær skule med godt miljø og nøgde elevar. Nærare opplysningar om skulen finn du her. Næraste høgskule er HSH på Rommetveit, om lag 30 km frå Fitjar. Sjå meir om studietilboda deira her.

 

Ved kaien ligg òg det største varehuset i bygda med daglegvareforretning, multihandel, apotek, post, blomeforretning, sportsforretning, kafe, tannlege og fysioterapeut.

Fiskeplassane er mange både i sjø og ferskvatn, og sjølandskapet rundt fitjarøyane er eit eldorado for kajakkpadlarar og båtfolk. Har du ikkje kajakk sjølv kan du leiga hos Padleåro kajakkutleige (om lag 12 km frå Fitjar sentrum). Båt kan du leiga hos Fitjar Sjø og Camping.

Er du av den fjellglade typen, skal du vita at Fitjarfjella lokkar med mange flotte turstigar til fjells. Høgste toppen er Mehammersåta på 749 m.o.h. Stord-Fitjar turlag arrangerer mange fellesturar. Programmet deira finn du på Turistinformasjonen hos Stord Videokiosk i sentrum. Her vil du òg få opplysningar om sykkelruter.Har du ikkje sykkel, kan du leiga ein hos MX-sport i Varehuset Larsen.

Av andre tilbod til deg som er aktiv kan me nemne Fitjar treningssenter i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, treningssenteret over Bensinstasjonen. (Hydro/Texaco) og at det er treningsmogelegheiter i Fitjar Idrettspark og Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Kva som skjer i Fitjar akkurat no, kan du lesa her.


Spisestader

Cafe Annemor er ei kafe i sentrum der du kan kjøpa middag, påsmurt eller kaffe og kake. Dei driv òg med catering.

Stord-Fitjar Videokiosk er både Turistkontor og MIX-butikk der du kan kjøpa kioskmat som hamburgarar, pizza, pølsemenyar og liknande. Dei serverer òg ulike kaffesortar og softis.

Fitjar Fjordhotell serverer både frokost og middag. På torsdagar har dei komlebuffet og søndagar søndagsbuffet for heile familien. Catering kan du bestille her òg.

Kysten Rundt på Sandvikvåg har både hamburgarar og andre kiosk-varmrettar. I tillegg kan du kjøpe bagettar og nybakt her.

På Bensinstasjonen kan du mellom anna kjøpe pølsemenyar og baguettar.

 

Butikkar

Du finn det meste av det du treng på Fitjar. Her er det butikkar innan: daglegvare, sport, blomar, jernvare, mix-kiosk, bensinstasjon, tipping, el artiklar, kvite- og brunevarer og husflid, for å nemna noko. Servicetenestar som frisør, fysioterapeut, elektrikar, røyrleggjar og folk som kan gjera vaktmeistertenester finn du òg.

Klesforretning, bokhandel og bilforretning er derimot nokre døme på kva du ikkje finn her.

Men du treng ikkje å dra langt for å finna det. Du kan godt bu på Fitjar og samstundes få del i meir byprega aktivitetar, og vitja større handlesentra. Det berre 30 minutt med bil til byen Stord. Til Bergen kjem ein på  rundt 1,5 time med ferje frå Sandvikvåg, mens ein når fram til Haugesund på litt meir enn ein time, via Trekantsambandet.

 

 

Kvifor Fitjar?

 

Vakker og brei, med utsyn mot havet. Foto: Mette Fitjar
Vakker og brei, med utsyn mot havet. Foto: Mette Fitjar

 

Fitjar er ein trygg og god stad for born å veksa opp i, og bygda har dei tilboda som skal til for at moderne familiar skal ha det godt og trivast.

Skule- og barnehagetilboda er gode, og det er eit rikt utval av lag og organisasjonar som gjev gode fritidstilbod, både til born og vaksne innan idrett, musikk, kultur og kristenliv - i tillegg til meir uorganiserte tilbod.

Næringslivet har klart seg bra gjennom finanskrisa, og det er framleis gode jobbmogelegheiter i Fitjar. Likeeins er det ledige tomter, både for dei som ønskjer seg hus, og dei som er ute etter ei hyttetomt.

I Fitjar bur ein tett på rike naturopplevingar der ho breier seg ut mellom fjell og fjord. Fitjarskjergarden er eit svært populært turistmål med sine mange øyar, holmar og skjer, og fjella lokkar med mange flotte turstigar.

Bygda si storstove er Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Her finn ein mellom anna ein amfisal med 300 sitjeplassar og Idrettshall med treningssenter i overetasjen. Her vert det òg arrangert bygdekino.
I tillegg kan idrettsaktive nytte Fitjar Idrettspark, med graskledd fotballbane og løpebanar i sportandekke.

Ønskjer ein større forhold innimellom, er det berre 1 1/2 time til Bergen, 1 time til Haugesund og 1/2 time til Stord.

 

 

 

Friluftsliv

Fiskeforholda på Fitjar er svært gode. Storavatnet er rekna for å vera mellom dei beste røyevatna i Sør-Noreg. Avgifta er rimeleg, og det er høve til å leiga båt. Ynskjer du å kjempa med laks eller sjøaure, er Kjerelvo rette plassen. (Ta kontakt med Frode Fitjar tlf. 53 49 98 80)

For sjøfiske er særleg svaberga i Osternes (Tveit) ypparlege for fangst av lyr, sei og makrell. Kjem du deg ut i båt, kan du lett få både torsk, sei, makrell, hyse og brosme. I august vert det arrangert fiskefestival med fiske frå både land og sjø.

Fitjarøyane er eit eldorade for padleinteresserte. Blir du verande på Fitjar nokre dagar, kan du gjennomføre ein topptrimtur i øyapadling, med postar på utsiktspunktet på fem forskjellige øyar. Meir info om dette får du på Turistinformasjonen (Videokiosken), hos Varehuset Larsen eller hos Odd Bondevik, mobil: 918 05 525.

Er du av dei som likar å sykle, kan du leige sykkel hos Varehuset Larsen, og på Turistinformasjonen finn du ein flott brosjyre om sykkelturar i Sunnhordland.

Skog og fjell med nydeleg turterreng, finn du og på Fitjar. Mangfaldet er imponerande med rik flora og storslegen utsikt. Ikkje minst frå dei mange nakne fjella ut mot havet, mot Brandasund, Fitjarøyane og Austevoll.

Fjella i Fitjar strekkjer seg opp mot 700 meter, og rett over grensa til Stord ligg Mehammarsåto på 749 meter. Merkte turstiar leier deg rett inn i fjellheimen, og heilt over til Stord. (Sjå turkartet s. 35). Det er fisk å få i mange av fjellvatna. Stord-Fitjar Turlag arrangerer fellesturar. Turprogrammet deira kan du òg få hos Turistinformasjonen på Fitjar.

 

 

Temakveld om misjonærane Arne og Dorthea…

21.10.2017 Håkon C

Fred Ola Bjørnstad og Johanne Øvstebø Tvedten får du både sjå og høyra i Fitjar kyrkje på torsdag. I tillegg  vert det orgelmusikk av organist Ole Jørgen Furdal.  
Temakveld om misjonærane...

Les meir ...

Få med deg meteorsvermen i helga!

20.10.2017 Kjetil Rydland

Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia Få med deg meteorsvermen i helga! Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er...

Les meir ...

Kveldaseta gav viktig bidrag til UNICEF

19.10.2017 Kjetil Rydland

Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland. Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis...

Les meir ...
annonse
annonse

Dagens fugl: Steinskvett

19.10.2017 Kjetil Rydland

På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland. Dagens fugl: Steinskvett På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter...

Les meir ...

Friidrettsavslutning

18.10.2017 Kjetil Rydland

Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går.  Friidrettsavslutning I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

Les meir ...

Mange nesten-ulykker grunna manglande re…

18.10.2017 Håkon C

– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk Dette er ein årleg gjengangar, men...

Les meir ...
annonse


Berga plassen i 5. divisjon!

21.10.2017 Kjetil Rydland

 Så kjekt er det å berga plassen i divisjonen, synest reservekeeper og hjelpetrenar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland.  Berga plassen i 5. divisjon! A-laget til Fitjar sikra seg ny kontrakt i 5...

Les meir ...