Fitjargutar på pallen i VM

Ruben Træet og Markus B. Isaksen gjorde det begge to godt under vestlandsmeisterskapet i badminton i Haugesund i november.

Andre O. Aadland i badmintongruppa fortel om to lovande spelarar som deltok med stor iver og engasjement i klassane U17a og U15a. Markus vann to kampar og vart nummer tre i sin klasse, medan Ruben spelte mange jamne kampar i sin klasse og enda på ein fjerdeplass.

Dei deltok også i double saman, der det vart ein flott andreplass. Gutane, som berre har spelt i litt over eit år, beit godt frå seg då dei møtte hard motstand og spelte sine beste kampar nokon sinne då det gjaldt som mest.