Vellukka badmintonkurs

 Mellom 15 og 20 deltakarar har vore med på badmintongruppa sitt sju vekes lange badmintonkurs hausten 2013. 

Badminton er ein forholdsvis liten idrett i Noreg, men har likevel ei aktiv gruppe på Fitjar som samles til trening i idrettshallen i Fitjar kultur og idrettsbygg. Hausten 2013 arrangerte den lokale gruppa badmintonkurs over sju veker.  Andre Olsen Aadland i badmintongruppa fortel om eit vellukka kurs der mellom 15 og 20 deltakarar fekk innføring i kva idretten går ut på. 

Andre fortel at på kurset fekk deltakarane ei lett innføring i dei mest grunnleggjande teknikkane og reglane, men at  hovudfokuset var mykje balltilvenning og speling. Dei fleste har erfaring med idretten frå før, men då gjerne som hage-/strandaktivitet med fokus på "kor mange ein klarar". Fleire har fått ei aha-oppleving når dei ser korleis spelet er på banen, og mange har vist lovande takter og framsteg. Når deltakarane kjem på badmintontrening får dei sjå at idretten er ein kompleks idrett med høge krav til teknikk og basisdugleikar som hurtigheit, kondisjon og styrke, fortel den erfarne spelaren.

No er kurset over, og det vert vanlege treningar igjen. Både kursdeltakarar og gamle og nye spelarar er velkomne til å koma på badmintontreningane når me starta opp att no på nyåret, avsluttar Andre Olsen Aadland i badmintongruppa.