Idrettsmerkeinnspurt på nyttårsaftan

20 personar gjorde seg ferdig med idrettsmerkeprøvane på årets siste dag, og ein er no oppe i 73 stykker som har gjennomført alle idrettsmerkekrava i 2013.

Øvyind Skålevik fortel om fantastisk aktivitet i idrettsparken på nyttårsaftan då heile 20 personar var på banen for å gjennomføra dei siste prøvane til idrettsmerket innan fristen. Så meiner og Øyvind at veret dei hadde den dagen kanskje var det gunstigaste dei har hatt for merkeprøvar i år. Likevel har mange det nyttårsforsettet at dei skal vera tidlegare ute neste år.

Same kveld synte opptellinga at idrettslaget har registrert 73 personar som har gjennomført og klart krava til idrettsmerke 2013, Liste over dei merketakarane som idrettslaget har reigstrert finn ein på heimesida til Fitjar idrettslag her