Kretsmeistrane

Fitjar sitt Jenter 13-lag vart laurdag ettermiddag kretsmeistrar i sjuarfotball, etter å ha vunne over Olsvik på corner.

Det var ein spennande og god kamp dei frammøtte i Vestlandshallen i Åsane fekk sjå då det beste sjuar-laget i Hordaland skulle kårast. Fitjarlaget var i storform. Dei spelte jamt over svært bra, både i forsvar og angrep, lagspelet fungerte svært godt og keeper Tina V. Nordfonn vakta nettet godt. Jenter 13 på Fitjar har berre seks spelarar og har heile sesongen måtta låna både keeper og utespelarar frå laget under dei. For å vera fulltalige og å kunna ha to innbytarar hadde dei lånt med seg tre jenter12-spelarar til Vestlandhallen. Alle er vane med å spela med dei eldre jentene og klarde seg svært fint saman med dei. 

Fitjar starta med fullt fokus på angrep. Motsandarane var sterke men allereie etter ni minutt scora Ailin Vik for Fitjar. Fitjar hadde vidare mange sjansar men med ein svært dyktig keeper i Olsvik-målet og ein del "stong-ut" var det stille på målfronten ei god stund. Det var ein travel kamp, og i det spelarane tok til å verta slitne mot slutten av omgangen, klarde Olsvik å snu kampen og utlikna til 1-1 i det 26. minutt. Olsvik fekk med det blod på tann, henta fram nye krefter og var sterkast resten av første omgang utan at det resulterte i fleire mål.

Andre omgang vart mållaus, men det var ingen tvil om at Fitjar hadde overtaket og dei låg i angrep stort sett heile tida. Dei fekk breidde på spelet og samarbeida godt, dei såg kvarandre, dei las spelet, dei var frampå og dei var flinke til å plukka opp ballen, men mangla avsluttinga med å få ballen forbi keeperen og inn mellom stengene. Litt uflaks og mykje grunna ei svært dyktig målvakt. 

Utan scoringar i andre omgang enda kampen 1-1. I slike tilfelle tel ein opp tal på cornerar, og her hadde Fitjar klart overtak med 6 cornerar mot Olsvik sine 2. Så då andre omgang vart blåst av etter 35 minutt, kunne jubelen bryta laus i Fitjarleiren, både hos fotballjentene, trenaren, oppmannen og heiagjengen på tribunen.  

Ni stolte og fornøgde jenter kunne ta imot velfortente gullmedaljar og sigerspokal og nyta at "We are the champions" fylte hallen, til ære for dei.