Tapte 3-2 i Prestagardsskogen

A-laget til Fitjar kollapsa totalt i andre omgang i fotballkampen mot Trott i dag, og resultatet 3-2 gav ikkje Fitjar-laget det poenget dei hadde håpa på for å sikra seg opprykk til 4. divisjon. 

Det starta svært så bra, med mange gode sjansar og godt spel over heile linja. Etter 20 minutt kom det første målet, eit sjølvmål i Fitjar sin favør. Vidare hadde Fitjar mange sjansar gjennom heile den første omgangen. Men sjølv om dei hadde overtaket på heimelaget fekk aldri avslutta med ballen i mål og dei gjekk til pause med stillinga 0-1. 

Frå starten av andre omgang rakna det totalt for fitjargutane, over heile linja, og dei blåkledde scora tre mål i løpet av det første kvarteret. Fitjar var tydeleg underlegne og var heldige at Trott ikkje fekk endå fleire mål. Heilt mot slutten kom dei seg litt, og i det 82. minuttet reduserte Jan Åge Tislevoll stillinga 3-2. 

Trenar Kjell Træet, som sjølvsagt er skuffa over resultatet og prestasjonane, trur noko av grunnen til den kollektive kollapsen var nerver. Mange av spelarane er unge og det var store forventingar til denne kampen. Men alt kan ikkje skuldast alder, for heller ingen av dei meir rutinerte A-lagsspelarane merka seg ut med spesielt godt spel i dag.

Interessa for A-laget er stor og mange fulgte dei på kampen i dag, og sjølv om Fitjar spelte bortekamp så heia fleirtalet av dei frammøtte i Prestegardsskogen på dei grønkledde spelarane frå Fitjar.

At Fitjar-laget tapte dagens kamp betyr ikkja at dei har tapt kampen om opprykk. Dei treng berre eitt poeng for å forlate 5. divisjon, og dei har endå to kampar på seg til å henta inn poenget. Neste sjanse vert i heimekampen mot Laksevåg neste laurdag. 

Sjølv om fitjargutane opplevde ein nedtur i dag er trenaren sikker på at laget kjem til å reisa seg igjen. Dei satsar med friskt mot vidare, og håpar på at vinden blæs deira veg neste veke.