Gode i hafo

4. klassingane frå Rimbareid skule vann finalen under Hafo-cupen på Vikahaugane sist helg.


Hafo står for handball og fotball og i denne cupen består kvar kamp av ein omgang på 10 minutt med fotball og så ein omgang på 10 minutt med handball.

4. klassingane frå Rimbareid skule var dyktige både med ballen i hendene og mellom beina, og dei synte flott samspel, noko som førde dei heilt til finalen i sin klasse. 

Supporterane fortel om ein svært spennande finale som enda med siger til Fitjarlaget, noko den flotte pokalen dei no har i klasserommet er eit synleg bevis på.