Laurdag 21. April 2018


Vellukka sjufjellstur i Fitjarfjellet

25 kilometer, 1600 høgdemetrar, 7 toppar, ein gjeng glade turgåarar og eit haustkledd fjell gav ein flott og minnerik sjufjellstur for dei 16 sprekingane som deltok.

Allereie klokka åtte søndags morgon var det oppmøte ved Dalshaugane for årets sjufjellstur. Turen starta roleg oppover traktorvegen til Sørlia. Det var lett overskya, lite vind i lufta og temperaturmålaren synte 10 grader. 

I første bratte stigning opp til Melen, som ligg på 499 moh, satte dei sprekaste inn eit ekstra gir og det vart sprik i feltet. For mange var denne stigninga på vel 250 meter den tøffaste etappen på turen. Og ein var ikkje før komen opp og hadde fått flott utsikt så bar det nedover att på den andre sida.

Ved vestre enden av Klovskarvatnet vart elva kryssa før det bar oppover att. Denne gongen til Klovskarfjellet. Eit langt fjell der dei som ikkje var lokalkjende fleire gongar trudde dei hadde nådd toppen før dei endeleg, nesten tre timar etter start ved Dalshaugane, kunne nyta utsikten og ei grovbrødskive ved varden på 555 moh.

Så bar det forholdvis slakt bortover til neste topp, som låg på dei mindre kjende Kongsskogsbrunene. Så langt hadde det vore lett å finna vegen ved å fylgja merka stiar, men no var det slutt på den gleda. Men med fri sikt til Fitjars høgaste topp, Litlasåto på 676 moh, og ein god "bjellesau" i front var det berre for resten av fylgjet å henga på. Og sjølv om pulsen steig, jakka måtte av og ein følte at ein peste som ein kvalross var ein brått oppe på toppen. Og du, og du for ein flott utsikt, men trekken var kald så Litlasåto var ingen verande plass denne haustdagen, sjølv om sola haldt på å bryta gjennom skyene.

Blikket vart festa nord-austover mot Grønafjellet og ved å fylgja stien som kom ned frå Mehammersåta var det lett å gå nordover. Straks me måtte ta av frå den opptrakka løypa for å ta retning austover vart det meir myrete og betydeleg tyngre å gå. Men i godt lag gjekk dette og greit og på 623 meter kunne nok ein topp førast på lista; Grønafjellet. Så bar det vidare på nord, over høgfjellsvidda mot Tindane og Tindaslottet på 596 meter. 

På Tinadslottet var heile turfylgjet nok ein gong samla og resten av turen vart gjennomført i samla flokk. Men først måtte alle ha ei god matøkt i le av steinbua og nokre måtte sjekka verdast beste utedo-utsikt før sekken nok ein gong fann sin plass på skuldrene.

Utan sti, men med eit klart mål for auga, bar det nedover forbi Måsavatnet i retning mot Kinno. Den lange turen tok til å merkast i beina og det vart ei hard og lang oppstigning til Kinno. Vel oppe på 571 moh kunne heile turflokken jubla over å ha nådd alle dei 7 toppane som var målet for dagens tur. Med lått og løye bar det så nedover, over Kinnakslo og vidare nedover myrane mot Dalshaugane, der bilane stod parkert. 

Den korte evalueringa ved parkeringsplassen, åtte og ein halv time etter start, kom samstemt og kontant: Det har vore ein fin tur!

20130929 sjufjellstur Foto Helga Rimmereid11

Takk for turen !  

Foto: Helga Rimmereid 

 

 

 

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...
annonse

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...
annonse

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...
annonse