Første treningsleir

Badmintonkrinsen Vest arrangerer treningsleir på Fitjar i helga og seks fitjargutar deltek på leiren.

Totalt 17 badmintonspelarar i alderen 12 til 16 år er samla i idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg til badmintontrening denne helga. Under leiing av Marita og Karina Jelsma trenar dei på teknikk og kamp-speling. I tillegg er det lagt inn ulike oppvarmingsøvingar, styrketrening, tur til vindmøllene og morgongtrim med jogging og orientering. Med andre ord ei variert og hektisk helg. 

Deltakarane kjem frå Askøy, Bergen, Kvinnherad, Sotra, Stord og Fitjar og dei overnattar på sportellet. Arrangørane ser mange fordelar med å ha ein slik leir på Fitjar; kort veg mellom idrettshall og overnatting, stor hall med plass til heile sju badmintonbanar og eit flott uteområde og nærmiljø. Dette er første gong dei arrangerer ein slik leir på Fitjar, men Håkon Rydland Sæbø som har stått for den lokale organiseringa vil gjerne at den årlege treningsleiren vert lagt til Fitjar fleire gongar.

Førstereisgutane frå Fitjar synes treningshelga er kjekk men slitsom, men forsikrar meg om at om dette er deira første treningsleir så vert det langt frå den siste.

Søndag ettermiddag frå klokka tre og utover vert det badminton-turnering i idrettshallen og då kan alle som vil koma å sjå både lokale og tilreisande spelarar briljera  med nytrente teknikkar.