Fire gull og eit sølv til Tone!

Tone Sandtorv Brakedal har vore i Bergen i helga og kom heim med heile fem medaljar.

Tone Sandtorv Brakedal (14) har vore med på Bergenslekene på Fana stadion i helga. Som vanleg hadde ho meldt seg på i mange øvingar, også nokre litt uvante.

Laurdag: 200 m hekk var "nøtta" denne gongen. Ei kjapp trening onsdagskvelden var det som skulle til for at ho også beherska denne øvinga. Stega mellom hekkane sat bra, og det einaste gjenståande spørsmålet var om "strikk-motor-Tone" ville halde heilt inn. Det gjorde ho til gagns! 30,72 på distansen gav klar siger og 1044 p etter tyrvingtabellen (for uinnvigde: 1000 p illustrerer nasjonal toppklasse).

Rett etterpå, med lår framleis stinne i laktat, stupte ho først over mål på 100 m, til ny pers 13,04 (1009 p), hårfint føre sin arge konkurrent Live Haugestad Hilton som fekk 13,10.

I motvinden i lengde var 4,97 m nok til å hamne øverst på podiet denne gongen. Her hadde Tone alle sine 5 gyldige hopp over 4,81 m, og det var godt føre nr to på lista Julie Woie Flølo med 4,65 m. Dette syner ein stabilitet som viser at knallpersen på 5,12 frå sist ikkje var noko blaff. Snart fyk ho endå lenger.

Søndag: 2.plass og pers i høgde med 1,51 m, same resultat som vinnaren, men Tone hadde fleire riv tidlegare i konkurransen.

Etter fall på hekken sist gong, viste Tone igjen kven som er sjefen på 60 m hekk. Førre gongs vinnar Kari Kuvaas Herting vart distansert med over eit halvt sek, noko som er for utklassing å rekne! Tone sine 9,54 (1030 tyrvingpoeng) er nok ein ny pers, og berre to fattige hundredelar bak årsbeste i landet i hennar klasse.