Måndag 16. Juli 2018


Hard, men vellukka halvmaraton

26 løparar på startstreken. 5 damer og 21 menn i alderen 19 til 69 år.  21,098 km i sol og regn, medvind og motvind. Alle fullførde og sigrane var mange.

- Dette er det hardaste løpet eg nokon gong sprunge, kom det pesande frå Jan Birger Hansen (55) i det han etter å ha sprunge i 1 time, 23 minutt og 29 sekund passerer målstreken i Fitjar halvmaraton som nummer ein. Om han synes løpet er tungt stoppar det han ikkje frå å koma attende. - Sjølv om det er hardt er det eit veldig kjekt løp og eg likar meg veldig godt her, seier Haugesunds-løparen etter at han har fått pusten att og ventar på premieutdelinga.

Av dei 26 løparane i år var det berre fem deltakarar frå Fitjar, alle med kvar sin personlege siger etter godt gjennomført løp. Magne Skumsnes var beste Fitjar-løpar. Sist han gjennomførte var i 2011. Då kom han på ein 8. plass med tida 1.37.37. I år glimra han til med ein klar 5. plass med tida 1.33.38. Neste Fitjar-løpar var den erfarne halvmaratonløparen Roar Pedersen, som med tida 1.35.12 kom på ein god 7. plass. Han brukte eit minutt lengre enn i 2012, men kom likevel to hakk høgare opp på resultatlista. Jarle Kloster kom på 11. plass med tida 1,39,17. Halvmaratondebutanten Olav Johannes Oma, som kom direkte frå preikestolen til startstreken, gjennomførde på ein svært god måte på tida 1.45.30. Det heldt til ein 13. plass og må seiast å vera ein sprek debut. Hans oppleving var nett den same som han som kom først i mål; dette var eit hardt løp med mange tunge motbakkar.

I årets halvmaraton var det berre fem kvinner med. Janne Elin Vatnaland, som har vunne kvinneklassen alle dei fire siste åra, har aldri opplevd reell motstand frå dei andre jentene. Ho synes det hadde vore kjekt med litt konkurranse, men sprang i år for eit nytt mål: å slå den kvinnelege løyperekorden frå 2009 på 1.30.48. Med den motivasjonen og eit glimt av kjæresten sin rygg på slettene kom ho i mål på tida 1.29.27, og vann med det dobbel siger: 1. plass og ny løyperekord. 

Det var ingen plakatar eller store heiagjengar i løypa, men nokre supportarar var på plass for å heie på sine kjære, og då sjølvsagt alle dei andre i same slengen. Løypa gjekk frå Idrettsparken til Årskog og attende, via sentrum og Skålavikjo til Reino, vidare forbi Synningo og Helland til Rydland og attende til idrettsparken langs riksvegen. Langs løypa var det tre drikkestasjonar.

Meir enn nokon gong før var årets halvmaraton eit løp for dei einslege løparane og få hadde noko drahjelp frå andre utøvarar. Med det var det og forholdsvis lita spenning knytta til plasseringane. Pallplasseringa i dameklassen var lagt tidleg i løpet. Kven som hamna på pallen i herreklassen var og tidleg avklart, men nøyktig plassering var meir uvisst. Årets yngste løpar Nils Haktor Bua (19) starta sterkast, men måtte i løpet av første halvdelen av ruta sjå seg forbisprunge av Ferkingstad og Hansen. Fitjar halvmaraton-debutanten Sjur Ferkingstad hadde etter det ei god luke til den meir erfarne fitjarasfalt-løparen Jan Birger Hansen. Men Hungersdalen og Rimbareidfeltet er drøy og den seige stigninga kan koma overraskande for dei som ikkje er kjende i løypa, og her tok Hansen innpå konkurrenten, sprang til slutt forbi og kom i mål omkring eit halv minutt før Ferkingstad. 

Det er få krefter att hos langdistanseløparane når dei har passert 21 km og er på veg opp den bratte bakken til idrettsparken, og sidan dei stort sett kom ein og ein var det lite spenning i målområdet, bortsett frå då det var snakk om 8., 9. og 10. plassen. Her vart det spurtduell mellom Peter Tubaas, Martin Lied og Tor Espen Kristensen. Målfoto synte at Kristensen kom først, så Tubaas og på tiendeplass kom Lied.

I fråværet av primus motor Øyvind Skålevik var det Rolf Vik, Bård Inge Bø og Mai Britt Sandtorv i friidrettsgruppa i Fitjar idrettslag som stod for arrangementet, saman med fleire medhjelparar. Arrangørane var godt nøgd med dagens løp. Det var forholdsvis godt løpsver sjølv om det var ein del motvind dei første kilometrane på veg mot Vestbøstad. Arrangørane gledde seg over at resultatlista synte mange gode tider og synes 26 deltakarar er akkurat passe. Fitjar halvmaraton er eit langt, men ikkje eit stort, løp, akkurat slik målsettinga var då dei starta opp for 14 år sidan. Likevel er dette sommarløpet viktig og motiverer fleire til trening. 

Eg er imponert over alle dei spreke løparane, og bøyer meg gjerne i støvet for kvar einskild av dei. Men djupast bøyer eg meg for 68-åringen Øystein E. Eskeland frå Stord og 69-åringen Steinar Øen frå Tertnes som gjennomførde løpet på tidene  1.57.35 og 2.17.04. I mine auge dei to største sigrane av dei alle!

Resultatliste

Kvinner
1.Janne Elin Vatnaland(91) Bokn IL 1.29.27
2.Aud Elisabeth Stuhr(76) Sauda IL 1.33.39
3.Mona Tyssøy(71) Karmøy 1.51.54
4.Astrid Espeland(62) Sauda IL
5.Kari Nilsen(57) Stord TIL 2.02.31

Menn
1.Jan Birger Hansen(58) Haugesund IL 1.23.29
2.Sjur Ferkingstad(80) Hommersåk IL 1.23.56
3.Nils Haktor Bua(92) Bokn IL 1.28.42
4.Magne Egeland(60) Bjerkreim IL 1.29.55
5.Magne Skumsnes(54) Fitjar IL 1.33.38
6.Harald Gjøsæther(68) Noteam 1.34.44
7.Roar Pedersen(74) Fitjar IL 1.35.12
8.Tor Espen Kristensen(73) Stord T&IL 1.37.46
9.Peter Tubaas(72) ABB 1.37.46
10.Martin Lied(93) Nesttun IL 1.37.46
11.Jarle Kloster(76) Fitjar IL 1.39.17
12.Sixto Rimmereid Nedkvitne(91) 1.41.27
13.Olav Johannes Oma(68) Fitjar IL 1.45.30
14.Åsmund Djuve(91) Stord T&IL 1.47.01
15.Rolf Seldal(68) BCK 1.47.21
16.Bjarne Danielsen(52) Kondis 1.48.07
17.Trond Vatnaland(66) Bokn IL 1.48.23
18.Lars Helge Fjeldstad(62) Ulefoss 1.53.26
19.Øystein E. Eskeland(45) Stord T&IL 1.57.35
20.Steinar Øen(44) Tertnes IL 2.17.04

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...
annonse
annonse

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...

Hurtigbåt til Tysnesfest

11.07.2018 Kjetil Rydland

Til helga kan du reisa på Tysnesfest, fram og tilbake, med snøggbåt. Foto: Tysnesfest Hurtigbåt til Tysnesfest Førstkomande laurdag går det snøggbåt frå Leirvik, Rubbestadneset og Fitjar til Våge i høve Tysnesfest.

Les meir ...
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...
annonse