Gode prestasjonar i Maileikane

Ti utøvarar frå Fitjar idrettslag gjorde det godt under friidrettsstemnet Maileikane på Karmøy i helga.

Maileikane, som vert arrangert av Haugesund idrettslag, vart i år haldne på Torvastad idrettssenter på Karmøy. Maileikane er eit nasjonalt friidrettsstemne for dei mellom sju og nitten år, og samla denne pinsehelga friidrettsutøvarar frå heile 40 ulike idrettslag. Frå Fitjar idrettslag deltok ti utøvarar, støtta av ein solid foreldredelegasjon på sidelinja.

Trenar Bård Inge Bø har sendt oss fylgjande rapport om prestasjonane til fitjarutøvarane:

Mest gledeleg, og overraskande denne helga var Marius Torbjørnsen (10) og Vilde Vestbøstad (12) sine prestasjonar på 600m. Dette er ein distanse ingen Fitjar-utøvarar har sprunge på mange år, men våre to debutantar gjekk til verket med dødsforakt! Marius inn til den flotte tida 2.07 og 4.plass totalt av dei mange deltakarane, Vilde inn til 2.05 og siger i heatet sitt og 7.plass totalt (neste gong kjem ho i heat med meir jambyrdige konkurrentar og forbetrar seg truleg mykje på det). Begge gjorde også sakene sine bra på 60m. Vilde nokre hundredeler frå finaleplass med pers 9,79. Pers også på Marius med 10,66.

Men det skal mykje til å forbigå Tone Sandtorv Brakedal (14) også denne gongen. Ho sigra på 60m hekk, utan oppvarming, og utan noko som stemte så veldig, på den gnistrande tida 9,67! Dette er årsbeste i landet i hennar klasse, gav henne bestemannspremie for hekkeløparane og gir 1005 poeng etter tyrvingtabellen. Lengde, under noko vanskelege tilhøve på søndagen, gav Tone ein ny førsteplass med 4,69m. Ho fekk klar pers på 200m med 27,92 og 5.plass. Det er også sterkt av ei jente som ikkje er mest kjent for sine "stayereigenskapar". På 60m vart det også ein flott pers med tida 8,18 i forsøket. I finalen fekk ho ein tjuvstart, og vart litt passiv på den neste starten i frykt for disk. 8,32 og 3.plass er det likevel vanskeleg å vere direkte misnøgd med!

Ole Rimmereid Rørvik (13) fekk også to fine persar i finveret på laurdagen. 10,20 på 60m og 3,37 i lengde. Jenterekruttane Anna Sandvik Bø og Linnea Vestbøstad (begge 9) vart utsett for litt knuffing av dominoeffekt-typen på 60m, men dansa i mål på høvesvis 11,37 og 11,43, noko som var pers for begge. Linnea deltok i tillegg i lengde. Guterekruttane Joakim Malkenes Fitjar (9), Eirik Torbjørnsen (8) og Johannes Sandvik Bø (7) deltok alle på 60m og lengde. Joakim kom inn til siger i sitt heat på 60, med pers 10,47. Eirik fekk den fine tida 12.04, og Johannes ei hårsbreidd bak med flotte 12,06. I lengde strekte Eirik seg lengst av våre med 2,67. Joakim hoppa 2,62 og Johannes landa på 2,16m.