Kjekt padlekurs

I pinsehelga fullførde tre deltakarar grunnkurs i padling  i Fitjarskjærgarden, i strålande solskin.

Det var KRIK Fitjar havkajakk som arrangerte kurset. Primus motor for havkajakk-avdelinga av KRIK Fitjar er kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu og det var han som var kurshaldar på det 16 timar lange grunnkurset i havkajakk. Det er stigande interesse for padling på Fitjar og padlekurset i pinsehelga var det tredje grunnkurset denne sesongen i regi av KRIK. På grunnkurset får deltakarane læra grunnleggjande padle- og redningsteknikkar og dei får informasjon om friluftsliv, kajakk og padleutstyr. Det er ikkje plass til fleire enn fem deltakarar på kvart kurs, så undervisinga skjer i små og trygge grupper. Grunna litt fråfall på pinsekurset fekk andre som har teke kurset tidlegare høve til  å vera med på padletreninga denne flotte helga.  

Kurset var fordelt over to dagar. Første dag var det fleire timar med informasjon og undervising og litt tørrtrening på land før nybegynnarane var klare til å sjøsetta kajakkane og stiga oppi. Men dei hadde framleis ein lang og fin dag framføre seg, og dei padla ein lang tur på omkring halva-anna mil, rundt Smedholmen og Engesund og delvis rundt Ivarsøya, kunne Nobu fortelja etterpå.  Dei stoppa i lune, trygge viker og øvde seg på balanse og å koma opp att i kajakken om dei skulle vera uheldige å kantra. Dei gjekk og på land nokre stader for å eta og å strekka på beina. Sjølv om sola skein frå skyfri himmel og det var langt over 20 grader i lufta var sjøen framleis kald. Med berre 8-9 grader i vatnet var det nødvendig  med tørrdrakt for å halda varmen medan dei øvde på koma seg utav og opp att i kajakken etter meir eller mindre kontrollerte kantringar. Kursdeltakarane var ivrige og instruktøren var imponert over all energien dei hadde og gledde seg over padleiveren deira.

Nobu starta KRIK Fitjar havkajakk sist sommar fordi han ynskjer å dela padlegleda si med fitjarungdomane. Og at presten si padleglede smitta over på pinsehelgas kursdeltakarar, anten dei høyrde heime i kategorien ungdomar eller ikkje, det var det ingen tvil om. Alle tre var eit einaste stort glis, med litt lett solbrendt hud omkring, då dei steig ut av kajakkane både laurdag og søndag kveld. Ein kursdeltakaren, Inger Muri Slettebø, understrekar at kurset ikje berre var kjekt men og svært lærerikt og at dei hadde ein fantastisk instruktør.

Etter endt kurs fekk deltakarane våtkort som bevis på at dei hadde bestått kurset og ein skal ikkje sjå vekk frå at kajakk og tørrdrakt står på ynskjelista til fleire av dei etter denne helga.

20130518 padlekurs HR5
Sverre Fangel Brekke. Foto: Nobukazu Imazu