Onsdag 18. Juli 2018


Handballfest

Fitjar er i år ein del av den store handballfestivalen som vert arrangert på Stord. Fitjar deltek ikkje med eigne lag men heile 32 handballkampar vert spelt i idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg i løpet av 18. og 19. mai..

Handballspelar og leiar i handballgruppa i Fitjar idrettslag Charlotte Ayoe Solberg fortel at bakgrunnen for at hallen på Fitjar vert nytta under den 24. handballfestivalen er at dei har problem med hallkapasiteten på Stord sidan ein av hallane der er stengt. Heile 243 lag er påmelde til festivalen og det betyr at fleire tusen handballspelarar er samla til festival denne helga. Då spørsmålet om å få bruka hallen på Fitjar dukka opp var handballgruppa her svært positive til det. Det er kjekt når det skjer noko i hallen vår og det er kjekt med meir handball på Fitjar, seier handball-leiaren som saman med eit tredve tals publikumarar har benka seg på tribunen i det første kamp på Fitjar vert spelt. Kampen går mellom G16 laget til Randaberg og Stord sitt G16 lag. Stordgutane hadde eit klart overtak gjennom heile kampen, som dei til slutt vann 17-5. 

Under handballfestivalen deltek ungar og ungdomar i alderen 8 til 16 år. Det var meininga at Fitjar sitt G 2003-lag skulle vera med, men dei måtte trekka seg, og med det var det ingen fitjarlag med på festivalen i år. Men mange lokale handballspelarar og foreldre er likevel med og bidreg med dugnad under kampane som går føre seg på Fitjar. Fitjar har ansvar for sekretariatet og kiosken. Då eg var innom traff eg fire kjekke gutar som spelar på fitjar sitt G 2000 lag. Dei hadde vakt i kiosken der dei steikte vaflar og selde brus, kaffi og pølser m.m. Og kanskje fekk dei helsa på landslagssjef Robert Hedin seinare, for han hadde lova å koma innom hallen på Fitjar utpå ettermiddagen ein gong.

Det er dei eldste laga som har fått kampane sine på Fitjar, og det vert satt opp buss for at spelarane skal koma seg frå Stord til Fitjar. Handball-leiaren, som er svært nøgd med samarbeidet med handballfestivalen, fortel at alt har gått bra med arrangementet så langt, og håpar på at det kan bli så vellukka at det kan bli kampar på Fitjar i framtidige handballfestivalar og.

Omkring halvparten av kampane vart gjennomført på pinseafta. Resten går første pinsedag frå klokka 10.00 til 17.05 og Charlotte håpar mange finn vegen til hallen på søndag og, for å kjenna på handballstemninga og å få med seg mange spennande kampar. 

20130518 handball

Fredrik Vik, Jonathan Tranøy, Marius Strand og Arild Waage selde nysteikte vaflar m. m. i kiosken i foajeen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...
annonse
annonse

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...
annonse

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...
annonse