Trente med landslagssjefen

Seksten karateutøvarar frå Fitjar deltok på treningssamling på Bømlo sist helg. Ein av instruktørane var ingen ringare enn landslagssjef dos Santos. 

Samlinga som vart arrangert av Bømlo karatesenter fann stad i Rubbhallen. Instruktørar var landslagsjef for JKA Norge, José dos Santos, medlem av teknisk komite i JKA Norge Aril Damm og Fitjar karatesenter sin hovudinstruktør Sukhwinder Koløen. 

Tema for samlinga var "kumite trening", kamptrening og å trena opp refleks, hurtigheit, bevegelse og slag/spark-kombinasjonar. 

Aldersspennet på dei som var på treningshelga var 7-60 år, og frå Fitjar karatesenter  var det 16 deltakarar frå 9 år og oppover. 

Fitjar karatesenter fortel om ei fantastisk kjekk treningshelg med mykje god trening og kjekke sosiale tilstellingar for både store og små.