Sundag 21. Januar 2018


Orientering i eige tempo

Årets turorienteringssesong er godt i gang og med kart og kompass i handa er det duka for mange kjekke stunder i meir eller mindre kjent terreng.

Med strålane påskever og tørt terreng  er det reine draumestarten på årets turorienteringssesong. Orienteringsgruppa har lagt ut turorienteringsmateriell hos MX-sport og på Videoen, og seier at noko av det fine med turorientering er at du kan finna postane i naturen når du vil og i det tempoet du sjølv ynskjer. Postane er fordelt på fire kart; Svartasmoget/Sælevik, Sæterbø/Vekslia, Vassverket/Vik og Tveitasaga, og dei fleste postane er lagt slik at det skal vera greit å nå dei saman med born. På kontrollkortet som følgjer med karta kan ein samla poeng for dei postane ein har funne og etter avslutta sesong kan ein skaffa seg TurO-merke om ein har sanka  nok poeng. Dei som er datainteressert kan og registrera deltakinga si på nettet. Turorientering er ein kjekk og spennande aktivitet som passar både for små og store, både dei superspreke og dei som likar best å tusle av garde. Her legg ein opp lengde og tempo sjølv, og ein har over 3 månader på seg til å prøva å finna alle 50 postane. Men ein treng heller ikkje finna alle postane for å delta, det viktigaste er at ein kjem seg ut, at ein får brukt både hovudet og kroppen og at ein kanskje vert endå betre kjend i skog og mark på Fitjar.  

Me starta årets sesong roleg med ein tur ved Tveitafossen. Skogbotnen var tørr og fin, sola skein frå skyfri himmel, fuglane kvitra, isen på Storavatnet buldra, fossen spruta mellom istappane og fem gongar opplevde me gleda ved å finna posten me var på jakt etter. Ein forholdsvis kort tur som me gjerne anbefaler for andre.

Fullt med bilar ved utfartsårene til fjells vitnar om at mange brukar ferien til rekreasjon i den lokale fjellheimen. Turlaget har tradisjonen tru laga til topptrim for dei som likar seg godt i høgda. Topptrimfoldaren, som er felles for Stord og Fitjar, kan ein få kjøpt hos MX-sport. Fleire av toppane i trimmen ligg i Fitjar, slik som mellom anna Klovskarfjellet. På den høgaste toppen på Klovskarfjellet, somt ragar 555 meter over havet, finn ein topptrimbok og merketang og om veret er klart får ein flott utsyn over både fjellheimen, bygda og skjergarden. I fjellet er og terrenget tørt for tida, og den frosne marka gjere det lett å gå om ein berre er obs på issvullar som dukkar opp her og der. 

Turlaget har i tillegg til vanleg Topptrim og Barnas topptrim. 

Midtfjellet vindkraft har opna for ferdsel på alle anleggsvegane i påsken. Anleggsverksemda har pause fram til 2. april, men dei oppmodar likevel til alminneleg varsemd og bruk av refleksvestar sidan det likevel kan førekoma køyring i området.

Både Storm og Yr lovar fint ver med strålande solskin på Fitjar resten av påska så alt ligg til rettes for mykje god utaktivitet, berre ikkje bålbrenning. I samband med det fine og tørre veret, og etter meldingar om mange gras- og lyngbrannar på Vestlandet, har brannsjefen sett seg nødt til å innføra førebels forbod mot å gjera opp eld i skog og mark. 

 

20130328 turorientering HR4

 Flott ved Tveitafossen.

 

 

 

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...