Tre gull og eitt sølv til Tone Brakedal

Tone var einaste Fitjar-deltakar på Pingvinleikane no i helga i innandørshallen på Leikvang i Åsane. Ikkje desto mindre beit ho frå seg som vanleg, og nesten meir enn det også.

På 60 m hekk i dag presterte ho 9,76. Dette er den nest beste tida i landet i hennar klasse, og er pers med over tre tidelar. Ho vann sjølvsagt løpet!

I går vann ho også 60 m og lengde med tilløp med høvesvis 8,23 og 4,81, begge resultata tett oppunder persar sett tidlegare i år. 60 m avgjorde ho til sin fordel ein tidel framføre sin argaste konkurrent her på Vestlandet, Live H. Hilton. Lengde vart vunne med nærare ein halv meters margin!

I den siste øvinga i dag, høgde, måtte ho "ta til takke med" 2.-plass med 1,40 m. Dette er identisk med årsbeste, men 5 cm bak pers.