Premieutdeling i skyttarlaget

Skyttarlaget avslutta sesongen med premieutdeling i kjellaren på ungdomshuset.

Knut Vik i Fitjar skyttarlag opplyser at laget har omkring 50 aktive skyttarar som deltek på miniatyrskyting i kjellaren på Fitjartun. Premieutdelinga som vart halden no i adventstida var for vårskytinga våren 2012. I vår deltok skyttarane på fem miniatyrskytingar og dei fire beste av desse var teljande.

Det er mykje som skjer og mange tilstellingar no i førjulstida og det var soleis ikkje så mange som stilte på premieutdelinga. Men seks stolte, unge skyttarar var på plass og tok imot sine velfortente pokalar. 

Skyttarane har og vore aktive med ein runde med fem-vekers miniatyrskyting i haust, men premiering for haustsesongen skjer først til våren.