Klubbkveld med premieutdeling

Vel 20 personar møtte i klubbhuset då o-gruppa inviterte til klubbkveld med premieutdeling søndag ettermiddag, og 10 unge o-løparar kunne motta premie for minst 3 løp i årets Fitjarkarusell.

Samlinga starta med ein liten quiz, som engasjerte både små og store. Deretter vart det informert om deltakartal og statistikk. I dei sju fitjarkarusell-løpa har i gjennomsnitt 18 fitjarløparar delteke dette året. Dette er fin oppgang samanlikna med i fjor, men o-sporten i Fitjar er framleis liten og styret i o-gruppa håpar at fleire skal få augene opp for den flotte familieaktiviteten.

Ein del har dei siste åra brukt o-gruppa si turorientering til fine turar, og tur-o-merke vart delt ut til dei unge som hadde samla nok poeng i løpet av sesongen. Det vart òg delt ut premiar til alle som hadde vore med på tre eller fleire av dei sju fitjarkarusell-løpa, og her var det Jens Øien Kloster som hadde vore mest ivrig med 6 løp.

Etter pølser, vaflar, saft og kaffi, gjekk samtalen om planar for neste sesong og korleis ein kan gjera orientering til ein meir attraktiv aktivitet for fleire. Borna sprang ut for å leika, medan dei vaksne utveksla idear om t.d. fleire familieturar om søndagane med innlagt o-løp, men òg vidare satsing på dei aktivitetane ein har hatt dei siste åra. Det kan vera eit problem å finna rett dag, og ein bør gjerne tenkja litt samarbeid med andre grupper og aktivitetar.

Styret i o-gruppa vil satsa spesielt på det sosiale i 2013, og har allereie nokre tankar i samarbeid med Stord og Solid. M.a. ønskjer klubbane å få til ein felles pizzakveld med premieutdeling i samband med Stord sitt Kristornløp like etter påske. Det er òg planar om overnattingstur i Sveio under Vestlandsmeisterskapen i slutten av august. Det vil òg bli tilbod om innføringskurs og ekstra oppfølging av dei som føler behov for det. O-gruppene på øya planlegg fleire møter utover vinteren for å leggja gode planar for neste sesong.