Fitjargutar på pallen i VM

Vestlandsmeisterskapen i badminton på Fitjar var eit vellukka arrangement. Mange lokale spelarar fekk prøvd seg og nokre av desse gjorde det og svært godt.

Klubbkameratane Marcus Buch Isaksen og Ruben Træet møttes i finalen i klassen U15B. Det vart ein spennande og jamn finale der det måtte spelast tre sett for å kåra ein vinnar. Første sett vart vunne av Ruben, andre sett av Marcus, og med liten margin vann Ruben siste sett og kom med det øvst på sigerspallen, med Marcus som ein god nummer to.

Andre fitjarspelarar som utmerka seg særleg var den erfarne spelaren Kjetil Ragde som kom på ein delt tredjeplass i klassen Senior B, etter å ha røke ut i semifinalen mot Magnus Haaland frå BSI. Kjetil spelte og dobbel med ein ukjend makker frå BSI (Anders Nielsen). Dei fann speletonen etter kvart og vann to av tre innleiande kampar, men det var likevel ikkje nok til å gå vidare.

Alle fitjarspelarane deltok i dobbel i tillegg til singel, og alle erfarde at dobbel var mykje vanskelegare og at dette er noko dei må trena meir på. Dei som fekk det aller best til var Adrian Torvund og Thomas Korneliussen som vann begge sine dobbel-kampar om søndagen, men med eit tap frå laurdagen og andre i pulja gjorde det endå betre kom dei ikkje til finalen. 

Når konkurransane tilspissa seg vart språket tøffare i dei eldste klassane, og poeng til motstandarane vart ofte kalla uflaks. Fitjarspelarane gjekk stillare i dørene og tok poengnederlag som teikn på at det går an å bli betre og det einaste som hjelper er meir trening, og det er dei meir enn klar for. 

Kampoppsett med fullstendig resultatliste kan ein sjå på badmintonforbundet sine sider her

Les og gjerne artikkelen om den første dagen i vestlandsmeisterskapen her.