Tirsdag 23. Januar 2018


Vann 3-1 over Bremnes

Fitjar sitt a-lag i fotball vann vel fortent 3-1 over Bremnes på heimebane i dag. Det vart likevel ikkje opprykk til fjerde divisjon slik mange hadde håpa på.

Kampen i dag var både viktig og spennande sidan Fitjar kunne rykka opp til fjerde divisjon dersom dei vann over Bremnes, og Os 2 samstundes tapte sin bortekamp mot Søre Neset som gjekk parallelt med kampen på Fitjar.

Første omgang starta roleg. Både Fitjar og Bremnes, som går for å vera eit sterkare lag, var litt slappe og lite skjedde. Frå Fitjar si side vart mange ballar sløst vekk utan "mål og meining" og det var lite bevegelse i laget. Keeper Oddgeir Træet hadde mange gode redningar, men 38 minutt ut i første omgang scora Bremnes som forventa og gjekk opp i 1-0 leiing. Slik var og stillinga til pause. 

I pausen vart det opplyst at Os låg eit mål under i kampen mot Søre Neset og det gav ny glød til draumen om opprykk for Fitjar.

Medan spelarane hadde ein rask pause i garderoben, nytta leiar i fotballgruppa Gisle Levåg høvet til å gje heider, ære og blomar til Martin Hatlevik som har teke på seg ansvaret med å måla opp banen før kampane og Gerd Træet som har sørgd for at laget har hatt reine drakter til kvar kamp.

Så kom laga på ny ut på grasmatta som bar preg av haust og som låg bada i kveldssol. 

Få minutt ut i andre omgang scora Thomas Vestbøstad Waage for Fitjar, som med det utlikna til 1-1. Målet såg ut til å gje fitjarspelarane ny giv, og resten av andre omgang var tempoet og aktiviteten mykje større og Fitjar hadde eit klart overtak på dei gule motstandarane frå Bømlo heile resten av omgangen.

Leif André Tangen jobba svært godt ute på ving, og Fitjar-gutane spelte stort sett i angrep. 30 minutt ute i andre omgang braut jubelen laus på tribunen og langs banen der mange hadde møtt opp for å sjå Fitjar spela sin siste og avgjerande kamp denne sesongen. Med sitt 29. mål denne sesongen sørgde Thomas Vestbøstad Waage for at Fitjar gjekk opp i 2-1-leiing, og publikum ropa: 4. divisjon! Berre sju minutt seinare kom Thomas nok ein gong gjennom Bremnes sitt forsvar og scora sitt 30. mål denne sesongen, og med det var stillinga 3-1.  Fitjar hadde no full kontroll og Bremnes kunne ingenting meir gjera. 

Med sine tre scoringar i denne kampen vart Waage kåra til dagens fitjarspelar. 

Samstundes som laget kunne jubla for ein klar siger over ein sterk motstandar vart det klart at Fitjar likevel ikkje rykkjer opp sidan Os vann sin kamp . 

For å takka publikum for støtten gjennom sesongen som har gått vart det etter kampen servert marsipankake og kaffi til alle som ville ha. Både spelarar, trenarar, støttespelarar og små og store supporterar tok del i kakefesten i klubbhuset, og både kaka og sigeren smakte godt! 

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...
annonse