Fjørballane suser

Med minst 7 fjørballar i lufta samstundes, 202 VM-deltakarar og ein stort sett fullsett tribune er det mykje idrettsglede å oppleva i idrettshallen på Fitjar denne helga.

Fitjar og Stord badminton-klubbar arrangerer Vestlandsmeisterskap (VM) i badminton i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og badminton-spelarar frå heile Vestlandet har funne vegen hit denne helga. 

Vår lokale klubb stiller med 12 spelarar som deltek både i enkel og dobbel. Mange kampar skal spelast og sju banar er i bruk samstundes.  Det heile starta klokka ti laurdag føremiddag og varer heilt fram til omkring klokka seks. Dette er eit familiearrangement der ungar og vaksne deltek i same meisterskap men i ulike klassar. Dei yngste spelarane er berre 9 år og dei eldste er godt vaksne og høyrer til i seniorklassen.

Ruben Træet er ein av lokalklubben sine mange talent, som i tillegg til å spela sjølv følgjer ivrig med på når dei eldre spelar sine kampar og heiar flittig når lagkameratane spelar. 

Det vert ein lang dag i hallen både for spelarar og publikum, men for dei som vert svoltne er det både saltmat, søtmat og kaffi å få kjøpt. Kiosk-general Håkon Rydland Sæbø skryt særleg av lakseburgeren som kjem frå lokal laks. 

Mange hadde satt si lit til Fitjar si nyinnflytta badminton-stjerne André Olsen Aadland. Han fekk dessverre ei kort deltaking, første motstandar møtte ikkje opp, og neste motstander vart så altfor sterk for han. Med det var han ute av konkurransen.  Det var berre å takka for seg, ta imot deltakarpremie (eller trøystepremie om du vil) frå eldste dottera, vera poengteljar under neste kamp og så ta seg ein velfortent dusj. André var uansett til stor inspirasjon for dei yngre spelarane som var imponert over tempoet,  dei høge ballane og den raske reaksjonen i kampen til dei vaksne førebileta. 

For mange av fitjarbuane som hadde funne vegen til tribunen i idrettshallen i dag, var badminton ei ny idrettsgrein. Ikkje det at dei ikkje har vore i kontakt med desse fjørballane på ein plen ein fin og sjeldan vindfri sommardag og telt kor mange gongar ein klarer å treffa. Men å oppleva dette på idrettsnivå, med høgt tempo, teknikk, taktikk og seriøs konkurranse  og fleire lokale utøvarar det gjorde det svært så spennande. Og dei vart reven med, både den eine og den andre, og er du av dei som ikkje har fått dette med deg, er det kanskje enno tid att. Kampane i dag fortset fram til cirka klokka seks, og i morgon klokka ti er det på han igjen, fram til siste finale, som går omkring klokka halv fire søndag ettermiddag. Om nokon frå Fitjar kjem så langt, det står att å sjå.... 

Me kjem attende med full rapport om sluttresultata i morgon.