Storfint besøk på fotballskulen

Tippeliga-spelarane frå FK Haugesund, Eirik Vespestad Mæland og Joakim Våge Nilsen, hausta stor jubel då dei vitja Fotballskulen på Fitjar i føremiddag.

Dei unge fotballspelarane stilte spørsmål til dei to om korleis dei hadde kome så langt, korleis det var å vere så proff at dei kunne leve av å spele fotball og kor mykje dei tente. Dei to svara greitt på alt, bortsett frå det siste spørsmålet der dei svara på tull: 10 millionar! - og så lo dei.

Elles fekk alle deltakarane på fotballskulen eit flott lagbilete i A3-format av FKH, og Eirik og Joakim skreiv villig autografar, prata og var med på straffeskyting.

- Eit stort pluss for FKH som stiller opp for småklubbane, seier Martin Nysæther i fotballgruppa.

- Dette var berre kjempegøy, seier Brynjar Traa og Heine Storevik, som fekk vere med på det heile. Dei har følgt med Haugesund-spelarane og kjende godt til både Eirik og Joakim frå før. 

Dei skryt òg av fotballskulen: - Veldig bra for utviklinga vår som fotballspelarar. Me har lært mykje om ballkontroll og skot. Vonar dette blir ein tradisjon, smiler dei.

Eirik Vespestad Mæland og Joakim Våge Nilsen gav på si side uttrykk for at det var flott å få kome rundt til mindre klubbar på denne måten, noko dei har gjort  fleire gonger tidlegare. - I vår gutespelartid fekk me sjølve inspirerande besøk av Geirmund Brendesæter, smiler dei til slutt.