To lag frå Fitjar på HAFO-cup

Eit lag frå 5. klasse og eit lag frå 6. klasse ved Rimbareid skule deltok på barneskule-hafo på Vikahaugane på Stord i helga.

HAFO-cupane på Stord i regi av Stord handball har lange tradisjonar og mange klassar har delteke her i årenes løp. Cupen i år var for dei som går i 4.-7. klasse og sjølv om det kjem invitasjon gjennom skulen er deltakinga foreldrestyrt. For ein del klassar kan det vera vanskeleg å stilla lag, som skal bestå av minst sju spelarar og ein vaksen lagleiar,  og i år var det berre to klassar frå Fitjar som klarde det. 

5. klasse hadde ikkje nok spelarar til å stilla med reint jentelag eller gutelag og stilte då med eit blanda lag som spelte i guteklassen og som dei kalla Luringane. I ein HAFO kamp skal det spelast ein omgang fotball og ein omgang handball. Det laget som har flest mål etter begge omgangane har vunne. I fotball er det seks spelarar på banen og i handball sju spelarar på banen. Femteklassingane var meir enn lure, dei var og gode lagspelarar og etter tre innleiande kampar kom dei til semifinalen som gjekk mot Rommetveit. I ein tøff og rå semifinalen måtte dei dessverre sjå seg slått 2-3 av The Right Stuff frå Rommetveit. Det var litt bittert å ryka ut og spelarane ville helst legga skylda for tapet på domaren, men dei hadde uansett storkost seg i hallen på Vikahaugane og var stolte over å ha kome så langt.

6. klasse stilte med eit reint jentelag. Dei starta tungt mot eit betydeleg sterkare lag frå Langeland som vann kampen 8-0.  Etterpå gjekk det meir fitjarjentene sin veg med 4-0-siger over Tjødnalio og uavgjort 3-3 mot Hystad. Dette gav laget 3 poeng, men det var dessverre ikkje nok til å gå vidare.

Jentenefrå 6. klasse  storkose seg på HAFO-cupen. Dei synes det var gøy å stilla med klasselag og å kombinera to ulike lagspel, og det var kjekt å treffa igjen folk dei kjenner frå fotballkampane i serien.

-Me reiser gjerne tilbake neste år og, seier dei ballspel-glade jentene.