Trossa regnet

Minst seksti små og store trossa regnveret og vart med idrettslaget på familiefjelldag til Surefjellet i dag.

Med TurTipp-postar langs heile løypa innover frå Øvrebygda skule til Flaska ved foten av Surefjellet var det enkelt å motivera både små og større ungar innover skogsvegen. Ungane var godt kledde og såg ikkje ut til å merka at det regna. Temperaturen var god, så heller ikkje dei vaksne klaga. Det var berre smil å sjå langs heile løypa og mange ivrige små føter som hasta avgårde på jakt etter neste post. 

Ved endestasjonen var det satt opp lavvo og fyrt opp i bålpanna så folk kunne grilla, og Bente Fitjar gjekk rundt og serverte saft og bålkaffi.

Det var knytta stor spenning til kven som vann tippekonkurransen på godteglaset, og mange såg med lange auge etter Kaia Rydland som kunne pakka glaset med 109 snopeting i ned i sekken sin.

I TurTippen var det premie til alle som deltok, både dei som svarte på barnespørsmåla og dei som svarte på vaksenspørsmåla og uansett kor mange rette ein hadde. Ja til og med journalisten gjekk heimover med ei ny, flott drikkeflaske i sekken, sjølv om ho hadde langt frå tolv rette...

Den største premien ein slik litt grå dag som denne var uansett den gode kjensla ein får av å ha vore ute på tur i frisk luft. Og om ikkje sola skein var det mange andre solstråler å gle seg over til og frå Surefjellet i dag. 

Kopi av 20120930 familiefjelldag HR6

Kaia Rydland vann snope-tippekonkurransen og kunna ta heile snopeglaset med seg heim.