Starta med siger

Fitjar sitt damelag starta årets handballsesong med ein soleklar siger over Os 3.

Fitjardamene var langt frå "på hogget" frå starten av, og Os hadde eit klart overtak i første del av kampen.  Dette var Fitjar sin første kamp i serien i år og dei brukte over halve første omgang til å verta varme i trøyene. 10 minutt før pause utlikna Charlotte A. Solheim til 12-12 og med det endra maktforholdet i kampen seg. Med mellom anna raske og målsikre Randi Thorland på ving passerte Fitjar Os i talet på mål og kunne gå til pause med eit lite overtak med stillinga 17-15. Det gode spelet frå slutten av første omgang fortsette i andre omgang og Fitjar hadde frå då av god kontroll på motstandarane. Med storscorarane Randi Thorland, Charlotte A. Solberg, Ingvild Rimmereid og Ingvild Kannelønning, godt samspel på laget og keeper Kristine Korsvik i god, stigande form utover i kampen  kunne laget til slutt jubla over resultatet 34-28. Det var godt for damene å starta sesongen med siger. Det gav god sjølvtillit og motivasjon til å stå på vidare for å nå målet for sesongen, som er å koma i øvre sjikt av tabellen i femte divisjon.

På tribunen var det heller tynt i rekkene, men dei som var der skrytte av ein spennande og god kamp og gode fitjarspelarar. Kanskje dei beste spelarane i heile verden, i følgje ein liten tass som såg kampen. 

Neste heimekamp for Fitjardamene er søndag 28. oktober. Fullstendig terminliste og resultatliste kan du sjå på Norges håndballforbund si side her.