God sjanse til å nå finalen

Ser ein på kvalifiseringstidene til dei einskilde deltakarane i heatet, skulle Mariann Vestbøstad Marthinsen ha mykje god sjanse til å nå finalen i Paralympics i morgon.

Det er då Mariann skal i elden på spesialdistansen sin, 100m rygg. Berre engelske Heather Fredrikson i same heat har betre tid enn Mariann, og ho har den tredje beste kvalifiseringstida av alle som skal delta. Heatene på 100m rygg startar klokka 10.38. Mariann skal svømme i 2. heat. Finalen går klokka 18.37.

Sjå heata og les meir om det heile her.

Følg Paralympics i London på nrk.no.