Sundag 21. Januar 2018


Lokal debutant på sigerspallen

Under Fitjar halvmaraton i dag sprang Bodil Kvernenes Nørsett (FIL) sin aller første halvmaraton. Ho gjennomførde eit godt løp i mykje motvind og hamna på sigerspallen saman med kjende løpsnamn som Janne Elin Vatnaland, Klara Lyngsnes, Markus Selen, Wictor Berg og Jan Erlend Innselset.

For 14. året på rad drog Øyvind Skålevik og co igang Fitjar halvmaraton. Eit sommar-gateløp på 21,098 km med forholdsvis lav profilering, men som likevel dreg til seg fleire sterke løperar. I årets løp stilte 33 stykker til start, og 32 av desse fullførde heile løpet frå idrettsparken via Årskog til sentrum, rundt Storavatnet om Vestbøstad og attende til idrettsparken på riksvegen. Bjørn Tore Taranger, som har vore ein klar vinnar i herreklassen dei tre siste gongane, stilte ikkje til start i år og med det var det knytta meir spenning enn på lenge til den gjævaste plasseringa i herreklassen.

Årets halvmaraton var prega av fleire damer enn nokon gong før. Heile 12 kvinner stilte til start og mellom dei var student Janne Elin Vatnaland som er godt kjend med løypa og som har sprunge inn til beste tid blant kvinnene dei to føregåande åra, og nykomaren Bodil Kvernenes Nørsett som aldri før i sitt liv hadde sprunge så langt. Løparane kom frå eit stort geografisk område, og berre tre av dei sprang for Fitjar idrettslag. Det er til og med dei her som ikkje snakkar norsk, kunne Øyvind i sekretariatet fortelja. Alderen på deltakarane spente frå 20 til 68 år. Sola skein, gradestokken synte 17-18 grader, Elin Siglen stod klar i klubbhuset med vaflar og bringebær-blautkake og det låg an til å bli ein spennande dag. Motvinden på Vestbøstad ville truleg verta krevande for løparane, men så ville dei til gjengjeld få litt medvind opp den seige Hungersdalen, og kake skulle alle få uansett plassering og kor lang tid dei brukte i løypa.

Haren Bård Inge Bø frå arrangementskomiteen låg i tet ut frå idrettsbanen, med den mindre kjende Markus Selen hakk i hel. Då haren gav seg låg Selen åleine i tet gjennom heile resten av løpet. Plassane deretter var det litt kniving om, men allereie i den harde motvinden på Vestbøstad var mange av plasseringane klare og kvar einskild løpar gjennomførde det meste av løpet åleine, mange utan å sjå særleg mykje til konkurrentane. 

Nokre av løparane hadde med seg ein liten personleg heiagjeng, men ellers var det stille langs traseen, bortsett frå ved drikkestasjonen i Øvrebygda. Ved bedehuset der hadde Dan og Marius Torbjørnsen fått selskap av ein sprudlande flokk på seks syklande turistar frå Austlandet som såg verdien av å støtta opp om lokale idrettsarrangement. Heiaropa deira saman med saft og vatn som vart servert av Dan og Marius såg ut til å gje løparane ny energi til siste halvdel av løypa. Markus Selen låg framleis i tet, med Wictor Berg eit stykke bak med god avstand til resten av flokken. Dei resterande plassane var det litt kamp om, og Tor Henning Vestbøstad som tok hardt ut i starten låg og svinga mellom ein fjerde, femte og sjette plass. 20 år gamle Tom Erik Vestvik heldt tredjeplassen gjennom nesten heile første halvdel av løpet, men måtte mot slutten sjå seg forbisprungen av Jan Erlend Innselet frå Fjelltuft, som kom i mål på tida 1,28, 14 og slo unge Vestvik med to minutt. Wictor Berg frå Sveio kom på sølvplass med tida 1,23,54. Tor Henning Vestbøstad var beste herre frå Fitjar og enda til slutt på ein 6. plass med tida 1,31,35. Roar Pedersen frå FIL kom på 9. plass med tida 1,36,33. Vinnartida til Markus Selen frå Sverige vart stipulert til 1,23,35 etter at han hadde teke ei lita ekstra sløyfe før han kom inn til målpassering på idrettsbanen. Løyperekorden frå 2003 på 1,16,30 (Nils Hetleflåt, Stord) stod ikkje for fall i år.

På damesida var plasseringane vel så klare frå tidleg i løpet, og Janne Elin Vatnaland hadde ingen reelle konkurrentar. Dette løpet er alltid tungt å springa, sa Janne etter målpassering, men gledde seg over at ho likevel ikkje berre vann men og sprang hakket raskare i år enn i fjor. Med vinnartida 1.32.37 tek ho til å nærma seg den kvinnelege løyperekorden frå 2009 på 1.30.48 (Maryna Novi, Vindafjord). Med tanke på at Janne har persa seg med omtrent to minutt kvar gong dei siste åra skal ein ikkje sjå vekk frå at det vert ny løyperekord neste år, om det vert arrangert løp. Janne er klar for nye tøffe løp på Fitjar. 

Bortsett frå vinnaren i dameklassen var det ikkje mange som klarde å persa seg i år. Varmen og motvinden tok på kreftene, og det var mange sterke uttrykk som kom etter målpasseringane i det løparane seig ned på bakken.

Klar andre plass i dameklassen gjekk til Klara Lyngsnes frå Stord. Ho gjentok plasseringa frå i fjor, men brukte i år eit minutt lenger på løypa og kom inn 7 1/2 minutt bak vinnaren. 7 1/2 minutt etter der igjen kom debutanten Bodil Kvernenes Nørsett inn til ein solid tredje plass, i sitt aller første halvmaratonløp, på tida 1,46,44. Ho påstod ho var heilt utsliten og svimmel men kom likevel smilande over målstreken. 

Som resultatlista syner var det ingen spurtduellar, og det var roleg stemning i målområdet, faktisk så roleg at fleire av løparane ikkje forstod at dei hadde passert målstreken. Dei hadde alle fortent mykje større jubel enn det dei vart møtt med. Å springa 21098 meter er ein stor prestasjon og det ligg mykje trening og stor helsegevinst bak deltakinga. For oss som ikkje er beten av løpsbasillen er det berre å bøya seg i asfalten for dei spreke idrettsutøvarane!

Resultatliste:

Kvinner:
1. Janne Elin Vatnaland, GTI Stavanger 1,32,37
2. Klara Lyngsnes, Stord IL 1,39,07
3. Bodil Kvernenes Nørsett, Fitjar IL 1,46,44 
4. Oddny Ringheim, CSC BIL 1,48,23
5. Astrid Nybø, Os 1,48,48
6. Jorunn Hagesæther, Torvastad 1,51,11
7. Yngvild Slettevold, noteam 1,52,11
8. Astrid Espeland, Sauda IL 1,54,37
9. Othelie Øvreberg, Karmsund BIL 1,55,35
10. Ingjerd Sørheim, BUB Bergen 1,56,13
11. Elisabeth Grov, Bremnes 2,14,16
12. Anne Elisabeth Askeland, Kolnes 2,30,57

Menn
1. Markus Sêlên, Ørgryte 1,23,35
2. Wictor Berg, Sveio IL 1,23,54
3. Jan Erlend Innselset, Peat BIL/Team Fjelltuft 1,28,14
4. Tom Erik Vestvik, Haugesund IL 1,30,17
5. Nils Haktor Mua, Bua IL 1,31,11
6. Tor Henning Vestbøstad, Fitjar IL 1,31,35
7. Magne Egeland, Bjerkreim 1,31,50
8. Harald Gjøsæter, Stord IL 1,36,33
9. Roar Pedersen, Fitjar IL 1,36,33
10. Per Morten Rennan DnB 1,42,17
11. Sixto Nedkvitne, Sogndal 1,42,28
12. Peter Tubaas, ABB 1,43,15
13. Per Erling Severinsen, AIBEL 1,43,38
14. Karl Olava Gravdal, Stokk org 1,44,56
15. Stein A. Hølland, Hyllesfjorden IL 1,45,13
16. Trond Vatnaland, Bokn 1,46,19
17. Ivar J. Halleland, Sauda IL 1,50,09
18. Michael Gunnarson, BUB Bergen 1,51,51
19. Arve Henningsen, Sotra 2,01,11
20. Steinar Øen, Tertnes 2,15,14

Vandreskjoldet går til den løparen som fekk mest poeng for sitt løp når tida vart sett i forhold til kjønn og alder. I år gjekk vandreskjoldet til Wictor Berg. Frå før av har Linda Wendelberg frå Strindheim fått inngravert namnet sitt på skjoldet. Den som får namnet sitt tre gongar på skjoldet får det til odel og eige.

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...