Fekk våtkort

Både ordføraren, kultursjefen og fleire ungdomar fekk våtkort under introduksjonskurset i havkajakk-padling på Vestbøstad tysdag kveld.

I samband med at det i desse dagar vert danna eit nytt KRIK-lokallag på Fitjar med satsing på havkajakk-padling for ungdomar vert det tilbode introduksjons- og grunnkurs i havkajakk. Kursa er meint for tenåringar, men denne kvelden fekk og ordførar Wenche Tislevoll og kultursjef Bente Bjelland vera med saman med fire kjekke tenåringsjenter. I følgje kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu, som stod for kurset, var det stas for jentene å delta på padlekurs saman med dei to populære damene.

Først måtte det mest grunnleggjande lærast, som å bera og sjøsetta kajakken og sittestilling og god padleteknikk. Så var det øving på å svinga kajakken begge vegar, stopping og padling bakover, før det vart pause på ei strand på Kalveid med servering av japanske nudlar i karri-saus, laga på stormkjøken. Den matinteresserte kultursjefen storkoste seg med den eksotiske matretten frå austen, fortel Nobu.

Tilbake på Lamatøkje, der turen starta, var det tid for å øva seg på å gå rundt med kajakken og å koma ut av den i vatnet på ein tilfredsstillande måte. Alle seks kursdeltakarane var tøffe nok til å velta, slik dei måtte for å få godkjend Våttkort frå padleforbundet.

Truleg er "Krik havkajakk på Fitjar" det første KRIK-lokallaget med havkajakk, seier leiar Nobukazu og fortel om då han spurde Kjell Markset i KRIK om padling i havkajakk er idrett. Sjølv om Markset har padla heile den gamle gullgravarruta frå Seattle til Alaska sa han at for han har padling vore meir rekreasjon enn idrett. Om kursdeltakarane såg på kveldens økt som idrett eller rekreasjon, eller begge delar, er usikkert, men det som er sikkert er at det var ein svært nøgd damegjeng med ferskt våtkort på lomma som takka Nobu for kurset. Ordføraren og kultursjefen retta ei stor takk til kyrkjelydspresten og lovpriste Nobu for hans sterke engasjement når det gjeld aktivitetar for ungdom. "Det er svært positivt for bygda vår med slike initiativrike personar", poengterte kultursjefen, som etter kurset utbraut: Padling er god kultur!