Stor fotballglede

Ti fotballag frå Fitjar deltek i Bendit-cup i Hustrudalen i helga. Jenter -12 var med då cupen starta laurdag føremiddag, og det var ein svært god start for Fitjar-spelarane.

Kampane i Hustrudalen var sesongens første for 6. klasse-jentene. Sjølv om dei starta roleg vann dei overlegent 3-0 over Stord i første kamp, som vart spelt på appelsin-banen. I kampen mot Finnås møtte dei større motstand, og det vart ein svært god og spennande kamp med mange målsjansar, men berre eit mål kvar veg. Dei spreke og fotballglade jentene hadde spelt seg godt varme, dei synte godt lagspel og klassa til slutt ut Svortland i siste kamp med overlegne 6-0.

Nesten like stort som å spela fotball-kampar var det for jentene å treffa, og få autografen til, Brann-spelaren Rudolph Austin. Han vert rekna som fjorårets beste brann-spelar og var svært populær der han benka seg på tribunen på Solid sin stadion i Hustrudalen.

I Bendit-cupen er fairplay og å delta vel så viktig som å vinna, og etter å ha spelt alle sine kampar fekk laga koma opp på "scenen" for å ta imot applaus og deltakar-premiar.

Seinare på dagen var gutar 2000 i sving. Dei møtte sterk motstand, og hadde ikkje marginane på si side, og var såleis berre sånn passe fornøgd med dagen.

Dei resterande Fitjarlaga skal spela sine kampar på søndag, og set nok då pris på ein stor supportergjeng på sidelinjene. Kampoppsettet finn du her. 

20120421MarkusHelland-utliknar til 1-1

Markus Helland utliknar til 1-1 i kampen mot Sædalen. Foto: Kjetil Rydland

20120421JonatanTranoyFredrikVik

Jonatan Tranøy og målscorar Fredrik Vik koste seg på Benditcup. Foto: Kjetil Rydland