Turorienteringspostane er lagt ut

Orienteringsgruppa sine 50 turorienteringspostar er no plassert ut i terrenget, og ein kan få kjøpt kart og kontrollkort på Videoen og hos Larsen.

Turorientering er ein populær aktivitet, og sjølv om det berre er nokre dagar sidan sesongen starta har fleire allereie kjøpt seg kart. Orienteringsgruppa i Fitjar IL har i år lagt ut 15 postar i Fitjarstølane/Midtfjellet, 15 postar på Sjoareset/Surefjell og 20 postar med utganspunkt frå Dalshaugane. Turorientering er ein aktivitet som passar for både unge og eldre, dei godt trente og dei som ikkje driv med andre idrettsaktivitetar. Dei fleste postane er lagt slik at det skal vera greit å  nå dei saman med ungar, opplyserer oriengeringsgruppa.

Sidan veret var grått, vått og småsurt på skjærtorsdag starta me sesongen roleg med ein liten lett tur i området rundt Tveitafossen. Her var det fint og lett å gå. Me kunne lett følgja ulike stiar mellom postane, og la inn ein kjekk liten avstikkar for å sjå på vassføringa i Tveitafossen. 

Vel heime, kunne me gå inn på turorientering på nett ( turorientering.no ) og registrera oss som brukarar og registera dei postane me hadde funne. Her fekk me opp kor mange poeng me hadde, me kunne samanlikna oss med andre og me kunne skriva blogg om turen.

Når sesongen er ferdig, ein har talt opp poenga sine og sett dei i samanheng med alderen  kan ein kjøpa turorienteringsmerke i ulike valørar.

Turorienteringspostane ligg ute frå 30. mars til ca. 1. september, så då er det berre å koma seg opp av godstolen og ut i naturen på spennande jakt etter postar.