Dramatiske oppgjer

Fitjar gjekk sigrande ut av dramatiske fotballoppgjer på Rubbestadneset i helga.

I dag (laurdag) reiste Fitjar på cup til Rubbestadneset der Trott, Solid, Stord Junior Elite, Moster og Rubbestadneset deltok.

I første kampen var motstanden Trott som Fitjar har allereie tapt for i år, i starten av kampen var begge lag forsiktige der ingen av laga fekk utretta dei store kjangsane heilt til Leif Tore Aarland fekk ballen mellom beina frå eit hjørnespark. Guten frå Nesbø nølte aldri og dundra ballen fint i mål med sin venstre fot. Fitjar gjekk til pause med 1 mål i bagasjen. I 2. omgang hadde Fitjar god kontroll sjølv om Trott hadde mykje ball. I det 80. minutt (cirka) blir ballen spelt høgt opp i Fitjar sitt forsvar der Helge Træet går i lufta mens medspelaren Andreas Torland uheldigvis vel også å ta duellen. Det heile ender med at Helge og Andreas Torland kolliderer hovud mot hovud og begge blir sendt til legevakta. Andreas sydde 7 sting før han seinare returnerte til troppen. Helge Træet blei sendt til sjukehuset der han må ligge på observasjon. Kampen blir stoppa i 10-15 minutt der Røde Kors og anna medisinsk apparat hjelper til. Når kampen fortsetter triller begge laga mykje ball utan å skape det store heilt til Fitjar sender Øyvind Fykse Lie gjennom mot keeper der han skyter frå spiss vinkel via en trottar og i mål. Kampen ender 2-0 der Fitjar har full kontroll og tar ein fortent seier.

I neste kamp er motstanden Stord Junior Elite som har med bla. Ken Joar Føyen, Fredrik Heimro, Viljar Losnegård, Jan Arne Vassnes og Jakob Iversen som alle har vært innom Stord sitt a-lag. Kamp bildet er at Stord fører mykje ball utan å skape noko som helst, Fitjar ligger lavt og forsvarer seg utrulig bra mot eit ballførande Stord. Litt ut i omgangen får Fitjar hjørnespark som Kjell Andre legg på første stolpe der Jan Åge Tislevoll kommer springande og nikker ballen i mål.Ut i andre omgang deler begge laga på ballen, ikkje så mykje fyrverki av ein fotballkamp før Thomas Vestbøstad Waage tar saken i eige hender og sender Fitjar opp i 2-0. Det ser ut som Stord begynner å miste motet mens Fitjar jobbar forsett veldig hardt og godt. Rett før slutt får Kåre Olav Skram ballen bak som back der han sender ein fantastisk langpassing gjennom Stord forsvaret som ender hos Thomas Vestbøstad Waage, som kontrollert sender Fitjar opp i 3-0.

Fitjar spelar finale mot Solid klokka 16.00 søndag, og eg håpar at nokre tar turen for å støtte gutane. Vil også bruke anledninga til å ønske Helge Træet god betring.

Pga tekniske problem hos Fitjarposten kom dessverre denne artikkelen ut altfor seint.  Fitjarposten beklagar dette.