Flotte karateprestasjonar

Fitjar karatesenter stilte med seks juniorar på JKA cup i Bergen i helga og reiste heim med fem medaljar.

Det var 140 juniorar som var påmeldt i forskjellige belte og aldersklassar i JKA cupen for juniorar som fann stad i Åsanehallen søndag 19. februar.

Fitjargjengen fekk med seg heim tre gullmedaljar, ein sølvmedalje og ein bronsemedalje. I kata (ulike teknikkar sett saman i eit fast rørslemønster) fekk Daniel Skarpnes gull og Benjamin Fjelltun sølv. I kumite (kamp) nådde Christina Koløen og Daniel Skarpnes til topps og fekk gull, medan Benjamin Fjelltun fekk bronse.

Det vart ikkje medaljar på Vegard Vik, Chayenne Berntsen og Damian Marszalek denne gongen, men ein stolt trenar Sukhwinder Koløen fortel at alle tre synte fantastisk bra innsats.