Rimbareid vann HAFO-cup

10. klasse frå Rimbareid skule vann sin klasse i HAFO-cupen på Stord i natt.

På laurdag, natt til søndag var det tid for Hafo-cup for tiende klasse på Rimbareid skule. Dei stilte med godt fotballag og eit fantastisk håndballag som med godt samspel feide gjennom konkurransen i gruppespelet. Fitjar var vidare til semifinalen og etter ein nerverpirrande førsteomgang, men det var Fitjar (Rimbareid 10 B) i farta som trakk det lengset strået. I finalen møte dei Stord (SUS 10 B) og kampen som begynte 03.30 blei ein klassiker. Dei to lagene kjempa bra og det var Stord som leda til fem minutt i andre omgang med 5-3, men etter eit kanonskudd frå Eirk Larsen og ein blokk frå Sondre Nesbø Aaland var Fitjar tilbake i spelet. Etter fantastisk spel og ein flyger frå Vegard Hareide vann Fitjar (Rimbareid 10 B) til slutt finalen.

Spelarane på laget: Eirik Larsen (lagleder), Vegard Hareide (lagleder), Ørjan S. Nordvang, Emil S. Fitjar, Torkel Nesbjørg, Sondre N. Aarland, Aadne Nesbø, Adrian Torvund, Joachim H. Vestbøstad, Sigvald Leirvik, Brynjar S. Bergesen (keeper), Aleksander Henriksen (keeper)

Foto og tekst: Thor Sundal

Fullstendig resultatliste kan du finna her.