Stor fotballiver

Både på banen i idrettshallen, på tribunen og i ballbingen på utsida av Fitjar kultur- og idrettsbygg var det stor fotballiver i helga.

Den årlege Wärtsilä-cupen gjekk av stabelen denne helga, og det er lenge sidan sist det var så mange som 37 påmelde lag i denne innandørs fotballcupen for 5-ar lag. Laga var delt inn i tre klassar: Elite menn, Open menn og ein dameklasse, og det vart spelt 82 kampar. Over 20 timar innandørsfotball i løpet av vel eit døger vert det folkefest av, og mange tok del i festen. Det var mykje fotballiver å spora på ulike nivå, både blant utøvarar og publikum. Engasjementet på den fullsette tribunen var som vanleg varierande, i kiosken var det god avsetnad på både sunn og usunn mat, og på banen var tempoet stort sett høgt. Opp mot halvparten av laga var tilreisande, men underlege lagnamn som Liggeunderlaget, Ole Burger, Rødhette osv sa lite om kvar laga kom frå. Forma til spelarane var varierande. For nokre var kampar på 13 minutt meir enn lenge nok, medan andre kunne halde det gåande både natt og dag, og gjorde og nærast det ved å vera med på fleire lag. Etter poengsanking i dei innleiande rundane var det klart for sluttspel laurdag ettermiddag.

I kvartfinalen for damer mellom Kick Ass frå Fitjar/Stord mot Selbjørn vart det lett match for skotsikre Lena Stokken og laget hennar. Med resultatet 8-1 sikra Kick Ass seg bilett til semifinalen. I semifinalen møtte dei Briliant frå Bømlo, og her og hadde dei kontroll frå starten av med første scoring allereie etter 20 sekund. Tredje og siste mål var ei nydeleg heading av Randi Thorland. Kun ein gong klarde bømlingane lura ballen gjennom forsvaret og forbi keeper Korsvik, og Kick Ass var med det klar for finalespel.

Zhu Zhu frå Fitjar møtte Advantec i semifinalen etter å ha klassa ut Nest Sotra i kvartfinalen. Med eit aktivt lag og ei kjapp og målbevisst Elin Kvia møtte Advanted svært god, og litt overraksande stor, motstand i semifinalen. Torill Solbakken og resten av Zhu-jentene måtte likevel gje tapt for dei betydeleg sterkare damene i Advantec, som til slutt vann kampen 4-1, og med det gjekk vidare til finalen. Sjølv om Kick Ass vart slått av Briljant frå Bømlo etter sudden death i ein kort bronsefinalekamp, kunne dei smykka seg med ein flott fjerdeplass. Fitjarlaget Komlene med ei aktiv Britt Lise Volden med stor målteft og Aina Vestbøstad som ivrig forsvarsspelar kom og til sluttspelet men måtte gje tapt for Advantec som dei møtte allereie i kvartfinalen.

Kick Ass gav Advantec god motstand i finalen, og nok ein gong markerte fitjarjentene seg sterkt. Likevel var dei ikkje gode nok i kampen mot dei rutinerte, samkøyrde og modne damene i Advantec som etter avsluttinga 5-2 nok ein gong kunne ta imot gullmedaljar og sigerspokalen i dameklassen.

Med store gutar på banen vart det rått spel, og det kunne til tider vera farleg både å vera spelar, sportsjournalist og å sitja på tribunen, med harde ballar som fauk tak og vegg-imellom. Cupen vart likevel gjennomført utan alvorlege skader. Vart kampheten ekstra stor vart språkbruken på banen mindre fin, til frustrasjon for bestemødrer og andre tilskodarar på tribunen, som hadde med seg små ungar som som såg opp til alle dei flinke fotballspelarane på banen og som stolt skrytte av at pappa, onkel og andre dei kjende var kjempegode. Så her er det litt å læra om det å vera gode førebilete.

Første semifinale i open klasse vart eit lokaloppgjer mellom Håkelklubben og Blue Oyster Boys. Håkelklubben leia an i starten av kampen, men etter at BOB satte opp tempoet stod kampen uavgjort etter 13 minuttar spel og måtte avgjerast med straffekonkurranse. Med siste skåring av veteranen Ketil Fykse vann Håkelen kampen og var klar for finale. Sambateam hadde vunne den andre semifinalen mot fitjarlaget Jokers, og Håkel og Samba møttes til ein spennande kamp. Begge laga har smakt på sigeren tidlegare og det vart etter kvart svært hissig på banen. Fitjargutane stressa dessverre litt mykje og hadde mange bomskot. Stordabuane i Samba beheldt roen bedre og hadde stort sett eit lite overtak gjennom heile kampen som dei etter 13 minutt vann 2-1.

Cupen vart avslutta med finale i eliteklassen, som i år var eit lokaloppgjer mellom Torpedo og OK. For å koma dit hadde OK klassa ut Hot shot i ein jamn semifinale som krevde straffekonkurranse, og Torpedo hadde danka ut Why Always Us i ein svært hissig kamp der domar Finn Ingvar Havnerås måtte roa gemyttane fleire gonger og det gule kortet var i bruk. Finalen var jamn og full av "action", men Torpedo hadde ikkje berre heile tida marginane på si side og ein svært stødig keeper i Trond Henriksen, men var og det beste laget på banen, sjølv om dei langt frå fekk sigeren gratis av dei yngre spelarane i Ok. Ok stod på for fullt heilt til siste slutt, men klarde aldri lura ballen inn i Torpedomålet. Med resultatet 3-0 var det nok ein gong ein klar siger til dei vaksne gutane i Torpedo, og hadde det vore vandrepokal i denne cupen hadde dei i år fått den til odel og eige.

Etter at alle pokalar og medaljar var delt ut og hallen gjort klar for handballkampar neste dag skulle både arrangørane, vinnarane og dei andre fotballspelarane feira med bankett på hotellet.

Sit du som ivrig lesar av sportsartiklane på Fitjarposten og lurer på om det var mykje snubling i cupen i år, så kan eg fortelja at spelarane nok har kome seg ein del dei siste åra for denne gongen var det lite slikt å rapportera om...