Fin helg i fjellet

Sol frå blå himmel, nokre minusgrader i lufta og restar av snø gav fin stemning i fjellet i helga.

Nok snø til å gå på ski var det dessverre ikkje, verken i terrenget eller på vegen frå Vassverket til Svartavatnet eller anleggsvegen i Midtfjellet. Den delen av vegen som Midtfjellet vindkraft nyttar var brøyta, og frå brakkeriggen ved Olstjørna og oppover hadde mykje av snøen blåst vekk. Om ein ikkje kom langt på ski var det mange som hadde kledd seg godt og som naut ein lang eller kortare fottur langs vegane i fjellet. I årevis har mange brukt å gå "runden", som dei seier, når dei skal bevega seg litt, og snakkar då om runden rundt Vestbøstad. No for tida er det ein annan runde mange folk sver til, runden frå Rimbareidfeltet, opp den nye vegen og ned att til Vassverket og så eventuelt attende til Rimbareidfeltet om ein har bil ståande der, eller motsatt veg. Ein fin runde med god stigning og flott utsikt.