Fitjarfolk på stordisen

Det fine søndagsveret freista ein gjeng med Fitjarfolk til å ta turen til kunstisbanen på Vikahaugane.

Av mangel på både skeiseis og snø på Fitjar nytta fleire familiar helga til å få seg ein tur på skeiser på stordisen. Det var lenge sidan sist folk hadde skeiser på beina, så ein del var litt vinglete i starten, men det gjekk snart framover. Humøret var på topp og både ungane og foreldra storkoste seg på isen i det flotte vinterveret.