Laurdag 20. Januar 2018


God fitjarhandball

Med gledeleg mykje folk på tribunen spelte jenter 15 år ein jamn kamp mot Sotra før gutar 15 år møtte Fana i ein svært spanande kamp som ufortent enda uavgjort.

Jentene som sist helg gjekk på eit stort nederlag i kampen mot Åsane, stod fram som jamgode med Sotra-jentene, men låg likevel heile tida litt under. Til pause var stillinga 6-9. Med friskt mot halte dei innpå motstandarane i andre omgang, og etter 12 minutt og scoring ved den yngste på laget, Katrine Hatlevik, tok dei motstandarane att, og stillinga var ei stund 11-11. Men Sotra-jentene hadde eit lite overtak og drog ifrå igjen, og kampen enda 15-17. Fitjar-jentene fekk to advarslar og ei to minuttars utvising på grunn av kluss under spelarbyte. Ingen utvisingar på grunn av hissig spel er uvanleg, i følgje jentene, som var sånn passe fornøgde med kampen. Dei syns dei spelte greit og trur dei hadde hatt sjanse til å vinna om dei ikkje hadde stressa så mykje. Å vita at ein har eit forbetringspotensial kan no vera bra før neste seriekamp, som går mot Fyllingen, på heimebane søndag 12. februar.

Spelarar - Fitjar Jenter 15
Kristi Rydland (keeper)
Solveig L. Fitjar (keeper)
Malene Lussand (2 mål)
Solveig Liarbø (1 mål)
Marthe V. Nordfonn
Amalie Korsvik (1 mål) 
Jeanett H. Rasmussen (4 mål)
Katrine Hatlevik (3 mål)
Janne Vågen (1 mål)
Marie Ervik (3 mål)
Jannicke Korsvik 
Hanne Tveita

Fitjar-gutane hadde heilt  klart taket på gjengen frå Fana allereie frå start. Første scoring stod heimelaget for etter to og eit halvt minutts spel. Med mange gode redningar og mange scoringar kunne Fitjar gå til pause med stillinga 12-7. Toppscorar var Fredrik Jensen med åtte mål, men Joakim H. Vestbøstad markerte seg og godt i denne kampen, og laget hadde ein svært stødig keeper i Ingvar Rafdal. Etter pausen var det tomt for vaflar og vaffelrøre i foajeen, og kampfokuset vart større på tribunen, men heller dalande på Fitjar-sida på banen. Etter 17 minutt var stillinga 17-13, og frå då av snudde kampen. Fitjar-gutane verka slitne og ukonsentrerte, og motstandarane nytta seg til fulle av små feil og slurv, og innkasserte det eine målet etter det andre heilt til dei scora sitt 17. og siste mål eit og eit halvt minutt før kampslutt. Slik enda kampen uavgjort 17-17. Fitjar fekk to advarslar og to tominuttars utvisingar.

Kampen mellom Fitjar og Fana ein svært spennande kamp, og gjengen på tribunen var svært godt nøgd med gutane "sine" og gledde seg over det store publikumsoppmøtet, sjølv om dei gjerne skulle ønskt og hadde trudd at heimelaget skulle gå sigrande ut av kampen.

Spelarar - Fitjar Gutar 15
Ingvar Rafdal (keeper)
Brynjar Bergesen (keeper)
Vegard Hareide (2 mål)
Arnstein Andersen 
Emil Fitjar (2 mål)
Eirik Larsen 
Aadne Nesbø (1 mål)
Ole Martin Spissøy (1 mål)
Adrian Torvund
Sondre N. Aarland 
Joakim H. Vestbøstad (3 mål)
Fredrik Jensen (8 mål)

Gutar 15 takkar motstandarane frå Fana og domarane for kampen.

Gutar 15 frå Fitjar takkar motstandarane frå Fana og domarane for kampen.

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...
annonse
annonse

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...