Hafo-cup på Fitjar

9. klasse på Rimbareid skule inviterte til Hafo-cup i Idrettshallen denne helga. 8 lag frå 5. til 9. klasse melde seg på og hadde ein lang dag med mange kjekke kampar, spennande finalar og premieutdeling og diskotek til slutt.

Cupen starta laurdag klokka halv tolv med fotballkamp mellom Girlpower (jenter 5a) og Ingen (gutar 6a). Det vart totalt spelt 13 kampar, som bestod av ein omgang på sju minutt med fotball, og så ein like lang omgang med handball. Når reine jentelag skulle spela mot gutelag fekk dei spela med ein spelar meir, og det same skjedde dersom eit lag skulle spela mot eit lag med eldre spelarar. På trass av stor kampvilje og mange gode redningar av keeper Eli Inntveit på Girlpower, vart dei eit år eldre gutane for sterke for dei spreke jentene. Med toppscorar Marcus T. Opshaug på laget kunne Ingen til slutt telja opp ein ledelse på heile 6 mål.

Cupen såg ut til å vera velorganisert og gjennomføringa gjekk svært fint. 9. klasse, som saman med foreldra sine stod som arrangørar, planlegg tur til Polen hausten 2012, og overskotet etter arrangementet skal gå til denne turen. Elevane sjølv var både domarar og stod i kiosken. Foreldre hjelpte til der det trongst og hadde bakt gode kaker til kiosken, der ein ellers kunne få seg nysteikte vaflar, kaffi, brus og pølser.

Laga sanka poeng gjennom dei innleiande kampane, og dei laga som hadde mest poeng, gjekk vidare til finalen. Finalen for dei i 8. og 9. klasse gjekk mellom 9. klasse gutar og Jucigutta (8. kl.). Jucigutta var overlegne og vann 9-2. Finalen for dei i 5. og 6. klasse gjekk mellom Ingen (gutar 6a) og 6. klasse jenter. Det vart ein svært spennande og jamn finale, som måtte avgjerast med straffekast. Den enda med at jentene, som kom frå både 6a og 6b ved Rimbareid skule og 6. klasse ved Øvrebygda skule, kunne jubla for sigeren 9-8 over dei så godt som jamgode gutane.

Dagen vart avslutta med premiutdeling og eit forrykande, dunkande og blinkande diskotek. Eg møtte delar av det yngste vinnarlaget då diskoteket gjekk mot slutten. Dei strålte om kapp med pokalen, men var usikre på kor dei skulle plassera den sidan dei held til både i ulike klasserom og på ulike skular. Men med ein slik godt samspelt gjeng kjem dei nok fram til ei god løysing på den utfordringa og.