Torsdag 26. April 2018


Haustens vakraste eventyr

Saman med eit hundretals andre turgåarar, over sju toppar i sommarkle og med dagstursekk på ryggen fekk eg oppleva mitt vakraste hausteventyr i Fitjarfjellet, laurdag 1. oktober.

Eg var oppe før hanen til naboen gol, vaska eit trøtt tryne, kokte havregrynsgraut, pakka sekken og var klar for det som var annonsert som haustens vakraste eventyr, topptur i Fitjarfjellet. Det var lagt opp til ein 4-fjellstur og ein 7-fjellstur, men stort sett gjennom heile løypa var det råd å takka for seg og retta kursen mot sivilisasjonen igjen, utan at det skulle ta for lang tid. Med ei god venninne som turfylgje og saman med vel 60 andre turglade folk møtte eg opp ved Fitjar kultur- og idrettsbygg kvart på åtte om morgonen. Etter ein raskt køyretur til Osternes skule og signering i turboka var me på veg.

Det gjekk i flokk og følgje oppover myrane til Landasåto (366 moh), der me fekk sjå sola stå opp bak Handfjellet. Det var allereie varmt, og det kom godt med å ha rikeleg med drikka i sekken.

No var det lite sti å sikta seg inn på, men me tok sikte på to ryggar som me meinte visste vegen, og det synte seg å vera eit lurt val. Det gjekk lett oppover mot Handfjellsåto som ligg på 465 moh. No vart etter kvart turfylgjet meir spreidd og ein kunne sjå folk både langt framom seg og bakom seg i fjellet, og det gav ei god kjensle å vera så mange kjekke folk ute på same oppdrag.

Nedover mot Kyrkjevatnet gjekk det lett, og vidare over demninga ved utløpet til Kyrkjevatnet og bortover myrane mot Fitjarstølane der me tok opp mot Fitjarsåto (403 moh). Det minka på grauten i magen og eg var klar for påfyll av energi. I det me benka oss til ved varden, tok  initiativtakar Odd Sverre Larsen oss att, og me fekk samstundes melding om at dei med joggesko som tok ut først i løypa allereie var på Kinno. Me naut turen der me var, men sat ikkje lenge i ro.

Bortover småmyrane mot vindmålar-masta fann me sti og det gjekk lett i flatt terreng. Så møtte me brått to store gravemaskinar og noko som likna på ein veg, og som me såg snodde seg nedover heilt til Olstjørna.

Men me skulle ikkje gå på veg den dagen, me fann stien att og starta snart på stiginga opp mot Beinatjørnsvarden. Det blåste bra, og det gjorde godt på ein sveitt kropp i bakken. På toppen var det fantastisk utsikt, men lufta var ganske disig og det var uklart ut mot havet. Her var det mobildekking, og me kunne senda bildemelding heim og skryta av kvar me var så tidleg på dag, og ikkje minst kvar me hadde vore.

Det var rask nedstigning til Svartavatnet, og det kom vel med for no var drikkeflaskene snart tomme. Me møtte ein hoggorm på vegen, men han gjorde som han skulle og forlet stien då me kom. Det var her me skulle gje oss, etter 4 fjell, men Kinno freista, og me hadde framleis "retrettmoglegheit" ved Botanvatnet. Her var det brattare og lengre enn me trudde, og me fann ingen sti, men møtte eit kjekt turfylgje, så det veg godt opp. Det tok til å merkast at me hadde hatt ein halv arbeidsdag gåande i fjellet. Me nådde endeleg toppen, og der var det sterk, kjølande vind som gav oss Titanic-følelse, på det som var turens høgaste punkt, 571 moh. Me sat oss ned på nordsida i ly for vinden, lufta tærne litt, fylte på med energi og diskuterte fottøy, gnagsår og turopplevingar med dei som passerte. Og me lurte på om det var mange som no hadde starta frå Osterneset klokka 12 for å gå 4-fjellsturen. Seinare fekk me veta at det var nesten 40 stykke. Det tyder at det totalt sett var 101 personar med på desse to turane. Det må vera litt av ei oppmuntring for dei som tok initiativet til dette. Dei fleste rundt oss snakka Fitjardialekt og hadde kjende ansikt, men andre var meir utvatna i språket og nokre ansikt var heilt ukjende for oss innfødde. Det var tydelegvis mange ulike folk som hadde fått med seg denne turen.

Nok ein gong gjekk det raskt nedover og me skimta retrettmoglegheiten med stien til Rimbareid i høgre augnekrok og det forlokkande høge Klovskarfjellet i venstre augnekrok. Me måtte innom Botnavatnet for å signera i boka. Me nytta alle høve me hadde til å bevisa kvar me hadde vore. I det me testa ut drikkevatnet i Botnavatnet hadde me bestemt oss, Klovskarfjellet (555 moh) vann, me ville opp der og. Me trøysta oss med at me trong ikkje gå opp på Melen for det, det fanst framleis fleire snarvegar ned til asfalten. No såg me folk i lange rekker i begge kantar, og såg flotte silhuettar på fjelltoppane og fjellryggane, men skulle me sloss oss opp Klovskarfjellet tok me oss ikkje tid til å sjå så mange andre stader enn kvar me skulle setja ned foten neste gong. Stien var dårleg og me gjekk litt på måfå på "saugastiar" oppover. Det flata ut, og me naut nok ein gong eit kjølande vinddrag i lufta. Det hopa seg opp ein god flokk ved varden i det me signerte i boka der. Kart og veg-beskriving vart plukka fram og detaljar for turen vidare vart diskutert.

No gjekk me nordaustover, og såg tilbake på både Kinno og Klovskarfjellet. Då me kom ned til myra som går nedover Klovskaret kom me i livd for vinden og det vart i varmaste laget. Turplanleggar Kjetil Rydland tok oss igjen og slo følgje med oss nedover gjennom Kongsskogen. Haustfargane og det tørre graset tala om haust, temperaturen kviskra sommar og fekk fleire til å drøyma om eit kjølande bad. Sola stod fortsatt høgt på himmelen. Med Kjetil i ryggen kjende me oss trygge, men visste at om me gjekk for å nå toppen på Melen (499 moh) hadde me den tøffaste beten av turen framføre oss. Me valde å ikkje gå rundt, men å ta retning mot det høgaste punktet etter at me passerte elva. Kjetil hadde gjort eit formidabelt forarbeid for oss med å klyppa brake og henga opp merke. Det gjorde det lett å finna vegen og å velja trase oppover. Me stolte blindt på Kjetil, følte oss i trygge hender, og hadde nok med å tenka på kvar ein meter til me skulle klatra oppover. 206 meter bratt stigning over myrar, tjukk mose, gjennom brake og lyng og med sola midt imot. Hjorten hadde trakka her før oss, men det var ikkje rare stien han hadde laga. Me laga sti og priste oss lukkelege for han som gjekk først og bana veg, og tenkte på at dei er heldige dei siste som får det beste og mest opptrakka sporet. Dei fleste hadde nok med seg sjølv oppover bakken og det vart stille i rekkene, berre nokre som stoppa, heldt seg på knea og pusta hardt ei stund. Andre gjekk jamt på, var redd dei ikkje fekk kroppen i gang igjen om dei stoppa opp. Me var mange som naut felles seier då me fritt kunne sjå både mot sør og aust og nord og vest og signera i Melen-boka. Me stod på topp nummer 7, 499 moh. Me klarde det!

Det stod ingen her som ikkje såg på dette som ein stor siger, sjølv om det fanst dei mellom oss som visste at dei i tidlegare tider kunne klart denne turen endå lettare. Så var det som me var blitt lova, berre unnabakke att. Praten tok til igjen og me kosa oss nedover til Sørlivatnet. Det føltes som me var i mål. Tonen var lett, gleda var stor, turfellesskapet kjendes godt, vegen var brei og me kunne gå fleire i bredda og snakka om dette vakre eventyret, som ikkje var eventyr men vår verkelege oppleving. Beina hadde heldt det gåande lenge, og dei var ikkje lika stødige lenger som dei var då me starta, og det blei nokre små fall på glatte steinar. Turen var over, det var løysna på skolisser og musklar vart forsøkt strekt før folk sette seg i bilane på Dalshaugane. Før det hadde gått 10 timar sidan start var alle trygt nede i sivilisasjonen igjen. Dei som hadde vore på alle sju toppane hadde lagt bak seg ein strekning på vel 25 kilomer og hatt 1300 meter stigning totalt på turen og like mykje nedoverbakke. Det siste eg høyrde før eg lukka døra i den bilen eg hadde fått haik med var: Dette bli ein tradisjon, men me kan ikkje rekna med det same fine veret kvar gong...

Sjeldan har det vel vore så mange kjekke og positive folk i Fitjarfjellet på ein gong, og alle som har hatt ein mistanke om at mine opplevingar kjem ut på nettet har minna meg om at me må gje stor ære og honnør til dei som hadde denne ideen, som sette den i sving, som førebudde alt så bra for oss andre og som gjennomførte arrangementet og som gjekk turen saman med oss. Ein ekstra stor TAKK til Odd Sverre Larsen og Kjetil Rydland!

T A K K  !

Innsende bilete:

Kjetil Rydland på Fitjarsåto. Foto: Lars Vestbøstad

Gleda over å ha klart å bestiga siste toppen (Melsåto), 500 moh. Foto: Thoralf Røen

Ein av dei som har vore med å dra i gang turen Odd Sverre Larsen, har etter ein lang tur endeleg nådd toppen på Melsåto.Det fyrste han sa då han kom opp: Dette må bli ei årviss tilskiping. Foto: Thoralf Røen

Les og gjerne artikkelen "Vakkert!" her på Fitjarposten, som og handlar om 4- og 7- fjellsturen, men er betydeleg kortare..

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse