Pølser, blide ungar, barkebåtar og våte føter

På tross av at skodda låg tett i fjellet på morgonen var idrettslaget sin familietur i dag eit svært populært tiltak.

Finteljing ved Olstjørna, der fotball/handballgruppa hadde fyrt opp i bålpanna og elva låg klar til testing av barkebåtar, synte at heile 120 stykke var med på turen. Dette er jo heilt fantastisk, seier Bente Fitjar frå styret i Fitjar idrettslag, som hadde forventa berre halvparten.

Skodda letta litt etter kvart, små barneføter sprang ivrig både opp- og nedover, og det var berre blide ansikt å sjå heile vegen.

Turen starta ved Vassverket, der det er lenge sidan me har sett det så fult av bilar. Her fekk ein utdelt kart og konkurranseark, og Bente fortel at det er orienteringsgruppa som har laga til aktivitetane. På vegen oppover mott Olstjørna var det seks postar med oppgåver ein skulle løysa, i tillegg  spikking av barkebåtar og tippin av snop på glas.

Den største spenninga var knytt til snopeglaset, og dei blaute skoa var knytt til barkebåtane. Den heldige vinnaren av snopet var Rasmus Olsen (frå Alta) og blaute sko, det fekk dei nesten alle saman.

Vinnar av sporleiken: Markus Kongestøl Vik.
Premie: Magetaska

Reginer Haukeland og dei andre ungane syntes det var kjekt med barkebåtar i elva som går ut frå Olstjørna.

Det var knytt stor spenning til premiutdelinga.

Det var knytt stor spenning til premiutdelinga.

Vinnar av snopeglaset: Rasmus Olsen frå Alta.

Vinnar av snopeglaset vart Rasmus Olsen frå Alta.