Flott karate-innsats i Bergen

Laurdag 1. oktober deltok ni juniorar frå Fitjar karatesenter på Junior Cup i Bergen. Dette er eit av dei største karatearrangementa for barn i Noreg med 190 deltakarar og 400 startarar fordelt på kumite (kamp) og kata (mønster).

Sukhwinder Koløen i karategruppa fortel om fantastisk flott innsats av ungdomane og seier at det var ekstra kjekt å sjå det gode samhaldet deltakarane syner. Utøvarane gav kvarande "give me five" og klem etter kamp, og her var alle like flinke, både gutar og jenter, taparar og vinnarar.

Resultat.
* Ørjan Larsen ( Gull-kata )
* Daniel Skarpnes ( Sølv-kata / Sølv-kumite )
* Rebecca Koløen ( Sølv-kata / Bronse-kumite )
* Jon Inntveit ( Bronse-kata )
* Christina Koløen ( Gull-kumite )
* Benjamin Fjelltun ( Bronse-kumite )
* Morten Korsvik ( Sølv-kumite )
* Jedrek Rutkowski ( Bronse-kumite )
* Emma Aleksandersen ( Ingen medalje denne gang, men fantastisk god innsats )

 

Sukhwinder Koløen og resten av Fitjar karatesenter ynskjer å gratulera alle med innsatsen.