Vakkert!

7-fjellsturen i Fitjarfjellet vart hausten sitt vakraste eventyr, slik arrangørane annonserte, med soloppgang på Landasåto og sommartemperatur i ein flott haustkledd fjellheim.

Turen var populær, og samla fjellfolk frå fjern og nær. Etter opptelling ved Osternes skule hadde 101 stykke lagt ut på tur i dag. Vel 60 av desse var med på 7-fjellsturen, resten deltok på 4-fjellsturen. Tempoet var ulikt. Dei raskaste brukte berre vel 5 timar frå Osternes skule til Dalshaugane via sju høge fjelltoppar, medan dei som tok det meir bedageleg, kom ned til Dalshaugane kl. 17.45. Uansett tempo vart det ein nydeleg tur.

Fitjarposten vil koma attende med ein fyldigare reportasje når journalisten har kome seg meir til hektene etter turen...

Har du eit blinkskot frå turen du vil dela med Fitjarposten sine lesarar, kan du senda det til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Fornøgde turgåarar på den 5 toppen, Inste Klovskar (555 moh).

Fornøgde turgåarar på den 6. toppen, Inste Klovskar (555 moh).