Pokaldryss i klubbhuset

Friidrettsgruppa avslutta ein god sesong med lokalt treningsstemne, pizza og pokalutdeling tysdag kveld.

Etter å ha testa eigne prestasjonar i lengde utan tilløp, kule, 40 meter, 60 meter hekk, 200 meter og høgde, velta gjengen med vel 20 friidrettsungdomar i alderen 4.-9. klasse inn dørene til klubbhuset. Der fekk dei servert rykande varm pizza, pølser i brød og brus. Humøret og stemninga var på topp og maten gjekk ned på høgkant.

Etterpå var det premieutdeling, etter tyrvingpoeng. Kvar enkelt sine prestasjonar var blitt omrekna til tyrvingpoeng, slik at ein fekk poeng etter alder og grein og slik kunne konkurrera på lik linje med alle saman uavhengig av alder. Det vart delt ut pokalar for 1., 2. og 3. plass i hopp, kast og løp for begge kjønn, og i tillegg fekk alle som ikkje nådde så høgt opp i nokon av greinene, deltakarpokal i sølv-valør. Alle resultatlister syner at heile denne gjengen har levert gode friidrettsprestasjonar, sjølv om ikkje alle kom til topps på resultatlista, og kvar og ein var vel verd den pokalen dei fekk utdelt. Premieringa var eit høgdepunkt for mange, og pokalgleda må seiast å vera like stor som idrettsgleda hos denne gjengen. Den største premien er likevel den gode fysiske forma dei har fått av å gå på trening og å vera aktive, men det merkar dei først når dei samanliknar seg med andre som ikkje har denne interessa.

Dette var årets siste vanlege trening ute. Det vert likevel ei uhøgtideleg trening neste tysdag i idrettsparken, for dei som ynskjer det, før det vert innetreningar i idrettshallen etter haustferien. Først innetrening vert då tysdag 18. oktober kl. 17.00, fortel Rolf Vik, som er ein av leiarane i Friidrettsgruppa.

Dei som ynskjer meir detaljar om prestasjonane til dei unge friidrettsutøvarane eller å få informasjon om treningstider med meir, kan besøkja friidrettsgruppa sin blogg her.