Fitjar markerte seg på Puttefestivalen

12 fotball-lag frå Fitjar deltok på den tradisjonsrike Puttefestivalen på Vikahaugane på Stord i helga.

Festivalen, som i år vart arrangert for 22. gong, er for dei som er fødd i 2001-2004. Rundt 86 unge fotballspelarar, både gutar og jenter, frå Fitjar koste seg med festival-kampar på Vikahaugane. Veret var langt betre enn forventa og på trass av at det var vått både på kunstgrasbanen og grasbanen kom det lite vatn frå oven og spelarane kunne begge dagane stort sett halda seg tørre gjennom alle dei fire kampane dei skulle spela. Innsatsen var på topp og tempoet høgt så våte av sveitte vart dei likevel. Engasjerte foreldre på sidelinjene kunne fortelja at det stort sett gjekk Fitjar sin veg, sjølv om nokre lag og fekk trening i "Tap og vinn med same sinn". Ein viktig lærdom, ikkje minst når ein skal fokusera på Fair play, slik Kværner puttefestival legg opp til. Det var mange slitne, men stolte og fornøgde fitjar-spelarar som reiste heim i nye blå, puttefestival t-skjorter og med deltakar-pokalar i hendene. For å spela kamp, det er det aller kjekkaste med å gå på fotball. Det meiner i alle fall jenter 2003 frå Fitjar.

Før og etter kamp helsar spelarane alltid høfleg på motstandarane.

Jenter 2003 gjer seg klar til å helsa på motstanderane før kamp.

Bursdagbarnet Victoria Torland Marås og Live B. Stegane i kamp mot Bremnes.

Bursdagsbarnet Victoria Thorland Maraas og Live B. Stegane i kamp mot jenter frå Bremnes.

Litt venting vert det alltid på fotballfestival, både for spelarar og publikum.

Litt venting vert det alltid på fotballfestival, både for spelarar og publikum.

Fitjar sine jenter 2001 mottek deltakar-pokalar.

Fitjar jenter 2001 mottek deltakar-pokalar.

Høgt tempo i kampen mellom Fitjar sine gutar 2001 og Stord.

Høgt tempo i kampen mellom Fitjar gutar 2001 og Stord.

Svanhild Vestbøstad scorar for jenter 2003 i kampen mot Solid.

Svanhild Vestbøstad scorar for jenter 2003 i kampen mot Solid.

Jenter 2003 hadde mange målsjansar i kampen mot erkerivalen Solid rosa.

Jenter 2003 hadde mange målsjansar i kampen mot erkerivalen Solid.

Fitjar sine jenter 2003 i ein tøff siste kamp.

Fitjar jenter 2003 i ein tøff siste kamp.

Svært så engasjerte fitjarforeldre på sidelinja.

Svært så engasjerte fitjarforeldre på sidelinja.

Kjekt og spennande på fotballfestival både for spelarar og fotballinteressert publikum.

Kjekt og spennande på fotballfestival, både for spelarar og fotballinteressert publikum.