Friidretts-Tone med tre KM-gull

Tone Sandtorv Brakedal, det store friidrettstalentet frå Fitjar, deltok i helga i Krinsmeisterskap i friidrett på Fana stadion. Ho sette fleire nye personlege rekordar, og er no på veg heim frå Bergen med tre gull-, ein sølv- og ein bronsemedalje i bagasjen. Ådne K. Vik innkasserte ein sølvmedalje og ein bronsemedalje i same meisterskap.

Bård Inge Bø, frå friidrettsgruppa til Fitjar idrettslag, har sendt oss fylgjande gledelege rapport om prestasjonane til 12-årige Tone S. Brakedal:

"Særleg i tresteg på laurdagen synte Tone korleis farten hennar kombinert med styrke og spenst, er noko ganske anna enn hos konkurrentane. 10,69 m er i særklasse, det er det sterkaste einskildresultatet Tone nokon gong har prestert og gir 1119 poeng etter tyrvingtabellen. Det er pers med godt over 180 cm. Resultatet gav, nærast sjølvsagt, ein soleklar førsteplass!

På søndagen var det i lengde med tilløp ho persa seg klarast. 4,69 m heldt også til klar førsteplass og 993 tyrving-poeng.

Prestasjonane 1,30m i høgde med tilløp, som gav sølv, og 31,09 og bronse på 200m er også framifrå prestasjonar, men kjem i denne samanhengen litt i skuggen av det som skjedde i lengdegropa.

Tone skal springe 60 m seinare i dag (søndag), så vi kjem tilbake med meir. Om ho har endå meir krut igjen i beina er ho truleg heilt i toppen også der."

Ny rapport tikkar inn, og denne fortel at det vart gull på Tone på 60 meter og, på tida 8,80, berre 11 hundredelar bak hennar personlege rekord.

Det tikkar stadig inn nye rapportar frå friidrettsgruppa. Siste melding seier at Ådne Vik (13 år) frå Fitjar og gjorde seg bemerka i KM 2011. Han satte to klare personlege rekordar med 1,40 i høgde og 8,68 i tresteg. Det heldt til ein sterk bronseplass i høgde, og ein endå sterkare sølvmedalje i tresteg.

Fitjarposten gratulerer dei flinke, unge, medaljesankande friidrettsutøvarane Tone og Ådne med flotte prestasjonar og gode plasseringar!

Fullstendig resultatliste finn ein etter kvart på heimesida til Gneist idrettslag.